Hopp til innhold

Kan bli 17. mai utan korps i Florø

Florø kan bli utan korpsmusikk på 17. mai. Kulturskulen må spare pengar, og dermed kan dirigentane til dei tre korpsa i byen sagt opp.

Video Florø-17mai utan korps

NETT-TV: NRK Vestlandsrevyen 10. mars 2011.

Kulturskulen må spare 248.000 kroner, og for å klare det har dei sendt oppseiingsvarsel til korspdirigentane i byen. Det kan bety at byen blir utan hornmusikk i 17. mai-toget.

– Det er ei forferdeleg oppgåve å måtte gå til dette skrittet. Men eg ser ingen andre moglegheiter, seier kulturskulerektor Arne Sunnarvik til Firdaposten.

– Vil ikkje ofre den finaste fridagen

Kulturskulerektoren vil heller kutte dirigentstillingane enn å måtte kutte i dei faste stillingane. Grunnen til det er at dirigentane er på eksterne kontrakter.

Dei tre korpsa i byen - Floraskulen Brass Band, Florø Skoles Musikkorps og Florø Hornmusikk - blir difor dei store taparane. Dirigentane har allereie fått oppseiingsvarsel.

Dirigent Hans Erik Stenseth i Floraskulen Brass Band utelukkar ikkje at både dei og dei to andre korpsa kjem til å droppe nasjonaldagen, i rein protest.

– Vi vil ikkje ofre den finaste fridagen i året, for kommunen, når vi ikkje får noko hjelp og støtte attende. Slik som det ser ut i dag er min periode som dirigent over i april, seier Stenseth til NRK.no.

Ordføraren kan ikkje love pengar

Ordførar likar ikkje det ho leste i Firdaposten i idag, men ho kan likevel ikkje love meir pengar til kulturskulen.

– Vi kan ikkje seie at kulturskulen ikkje skal skjere ned, for då må vi jo kutte hos andre. Saka ligg på rådmannen sitt bord. Det er det eg kan seie i dag, seier ordførar Bente Frøyen Steindal (Ap) i Flora kommune til NRK.no.