NRK Meny
Normal

Han leiar ein kampklar delegasjon frå vest

Også frå Sogn og Fjordane stiller bøndene mannsterke når opp mot 4000 bønder i dag skal protestere framfor Stortinget. Ein del av dei er unge bønder som kjempar for ei framtid i yrket.

Bondelagsleiar i Sogn og Fjordane, Per Hilleren, er blant dei mange tusen bøndene som er på plass i Oslo i dag. Det er venta opp mot 4000 bønder framfor Stortinget, der dei vil vise si misnøye med staten sitt tilbod i årets jordbruksoppgjer.

KLAR: Bondelagsleiar i Sogn og Fjordane, Per Hilleren, er klar til å vise stortingspolitikarane kva han meiner om årets tilbod frå staten. FOTO: Karl Kristian Langeland.

– Det er ein kampklar og vaken gjeng, lovar leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren, grytidleg tysdag morgon.

Han er saman med bønder frå Sogn og Sunnfjord akkurat komen til hovudstaden etter ein busstur frå fjordfylket. I 06-tida er det allereie fleire traktorar og møkkavogner på plass i gatene, og fleire skal det bli.

– Vi nærmar oss no rundt 4000 som skal gå i demonstrasjonstog. Det er mykje folk og det blir ei sterk markering mot dei grepa regjeringa legg opp til mot norsk landbruk, seier ein kamplysten bondelagsleiar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Reiser til Oslo i bondeaksjon for andre gong på to år

TIL OSLO: Bønder får heile landet har reist til Oslo for å protestere. Vi møtte bonde i Stardalen, Marit Flatjord, som reiser til hovudstaden for å protestere for andre gong på to år.

Håpar politikarane vil lytte

Bøndene har varsla at dei vil stå lenge på barrikadane for å få det som dei vil denne våren. For medan bøndene ville ha 1500 millionar kroner ekstra neste år, var Staten sitt tilbod på 150 millionar kroner.

Frå nord til sør har bøndene allereie aksjonert, og før 17. mai vart til dømes fleire egganlegg blokkert av bønder som hadde fått nok. Og denne veka held aksjonane fram.

Frå heile landet har bønder i dag reist til Oslo for å markere si misnøye med statens tilbod i årets jordbruksoppgjer. Nokre køyrer opp mot 30 mil på traktor for å delta i aksjonen, og det er venta tusenvis av bønder til protesttoget.

Frå Sogn, Sunnfjord og Nordfjord er det sett opp bussar, og eit hundretals bønder frå Sogn og Fjordane er klare til å vise Sylvi Listhaug og resten av stortingspolitikarane kva dei synst om landbrukspolitikken til dei blåblå.

– Vil det hjelpe å stille seg opp framfor Stortinget på denne måten?

– Det er nok mange politikarar som lyttar til oss, men om det er dei rette politikarane står att å sjå. Men ei slik markering må vere eit tankekors for dei blåblå politikarane.

– Dette er også eit etisk spørsmål om kor vi skal produsere maten vår. Skal vi basere matproduksjonen på å importere maten frå land rundt oss, som kanskje treng den meir enn oss, seier Per Hilleren til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bønder frå Sogn og Fjordane i Oslo, Bjørn Sølsnes, Anita Sæther, Marianne Kvalvik og Geir Støfring

KAMPLYSTE: Dette er fire av bøndene frå Sogn og Fjordane som er klare til kamp. Bjørn Sølsnes, Anita Sæther, Marianne Kvalvik og Geir Støfring.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Trur Stortinget vil gripe inn

Klokka 12.45 i ettermiddag vil det gå eit kjempetog med bønder og andre sympatiserer frå Schweigaards gate i Oslo via Youngstorget, over Stortorget og opp Karl Johan til Stortinget.

Der skal det haldast appellar framfor Stortinget frå klokka 14, og dei sinte bøndene vil få seie kva dei meiner til landbruks- og matminister Sylvi Listhaug.

Sjølv om Stortinget ikkje har for vane å gå vekk frå tilbodet bøndene får frå regjeringa, har Hilleren godt håp om at nettopp det faktisk kan skje i år.

– Det ligg så radikale endringar i dette tilbodet frå staten, det er historiske endringar. Difor trur eg mange på Stortinget er uroa for utviklinga det vil gje, og difor trur eg dei grip inn, seier bondelagsleiaren i Sogn og Fjordane.

(Artikkelen held fram under)

Unge bønder, Eivind Steig, Erlend Herstad og Bjørn Sølsnes

UNGE BØNDER: Eivind Steig, Erlend Herstad og Bjørn Sølsnes er blant dei unge som har teke turen til Oslo i dag.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

– Passar ikkje i Norge

Det er ikkje berre dei etablerte bøndene som har teke turen til hovudstaden for å vise si misnøye. På Hotel Christiania er det også samla ein god gjeng unge bønder frå Sogn og Fjordane.

Eivind Steig frå Fortun i Luster er ein av dei. Han gremmer seg over det han no ser frå landbruksministeren og regjeringa.

– Det er litt skremmande at vi har eit parti i landbruksdepartementet som ope og ærleg ikkje vil satse på norsk landbruk, seier han.

– Men vil dei ikkje satse når dei seier dei vil ha store og gode einingar som kan tene gode pengar? Det må jo vere lukrativt for ein ung bonde som du?

– Store og billige einingar, noko som ikkje funkar i Norge. Vi har ein geografi der dette ikkje passar inn. Det passar på Jæren, på det flate Austlandet og i Trøndelag, men i resten av landet vil jordbruket bli lagt brakk, seier den unge bonden.

– Ikkje vegen å gå

Heller ikkje Bjørn Sølsnes frå Leikanger er spesielt begeistra for staten sitt tilbod til bøndene. Han har sjølv lysten på ei framtid som bonde, og meiner det er viktig å vise landbruksministeren og politikarane at tilbodet deira er altfor dårleg.

– Vi må vise kva vi meiner, at vi ikkje vil ha det slik, seier han.

Han støttar Steig i at ein ikkje einsidig kan satse på store bruk i eit land som Norge.

– Om du ser til Danmark så er store bruk oppskrifta på eit ulønsamt landbruk som slit med gjeld. Eg trur ikkje dette er vegen å gå, eg har meir trua på familiebruket, seier han.

Forstår at bøndene aksjonerer

Stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane Ap, Ingrid Heggø, meiner det er rett av bøndene å aksjonere.

Ingrid Heggø.

RETT: Ingrid Heggø, stortingspolitikar for Ap, meiner det er rett av bøndene å aksjonere.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Når dei er usamde i det som er lagt fram er det rett å aksjonere. Iallfall utanfor Stortinget, for det er vi som til sjuande og sist skal seie ja eller nei til ein avtale, seier Heggø til NRK.no.

Ho meiner tilbodet frå staten i år legg opp til dramatiske strukturendringar, og trur det er like mykje det, som tilbodet i kroner og øre, som gjer at bøndene reagerer med stor frustrasjon.

– Det vil vere dramatisk for til dømes vårt fylke om desse endringane blir gjennomført, seier ho.

Også for tre år sidan vart det brot i forhandlingane, den gongen var det Arbeidarpartiet som sat i regjering. Heggø er likevel klar på at ho meiner årets tilbod er langt dårlegare enn tilbodet som førte til brot den gong.

– Å gje ti prosent, eit så dårleg tilbod har ikkje vore gitt på 30 år, og det seier sitt, seier ho og trur Stortinget i år kan kome til å gripe inn.

– Det som er lagt fram er såpass dramatisk, at det kan hende Stortinget gjer noko anna enn dei pleier denne gongen.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.