Hopp til innhold

Kamphanar tok nevane fatt

Politiet i Sogn og Fjordane har hatt ein heller roleg start på helga. Men i 02-tida måtte både dei og ambulansen i dyst.

Politloggen-31012015

Politi og ambulanse vart sendt til ein bustad i Nordfjordeid sentrum etter melding om personskade. På loggen går hendinga i 02-tida under ordensuro, men det er ifølgje politiet noko uklart kva som skjedde.

I alle høve hadde ein person fått smerte i ein fot og vart teken hand om av helsepersonell.

Samstundes måtte også politiet i Førde rydde opp i ein slåstkamp i Førde sentrum. Patruljen fekk kontroll på staden, og kamphanane skilde. Ein av dei impliserte vart køyrt heim og patruljen vil undersøke om det er grunn til å opprette sak på hendinga.