Kampen vil stå mellom bonden og lensmannen

Blir det bonden Ivar eller politimannen Arne som blir ny ordførar i Luster?

Ivar Kvalen og Arne Johannessen
Foto: MONTASJE: Noralv Pedersen/Geir Bjarte Hjetland / NRK
Vallogo

Største spenninga ved valet i Luster i år er om Ap kjem til å gjere eit brakval sidan dei har fått ein av landets svært profilerte personar fram til 2013, Arne Johannessen som ordførarkandidat. Johannessen vart kjend for dei fleste i heile landet gjennom 13 år som markant leiar av Politiets Fellesforbund. Han kjem frå Øystese i Hardanger, men er busett i Luster og er no lensmann i Sogndal. Ap har langt tradisjon som ordførarparti i Luster. Ernst Veum var ordførar frå 1990-2003, men vart vraka av sine eigne ved notasjonen i 2003 – og gjekk så over til Frp.

Det andre store partiet i Luster er Senterpartiet, men etter valet i 2003 fekk ingen av dei to store partia fleirtal for sine kandidatar ved ordførarvalet. Luster er ein kommune samansett av tre tidlegare kommunar med historiske motsetnader og ved vala både i 2003 og 2007 opna det for ein kompromisskandidat, Torodd Urnes frå KrF.

Ved sist val tok Senterpartiet og Ivar Kvalen over klubba, og han har ambisjonar om å behalde den også etter årets val. Så han og hans partifellar er nok også spente på korleis Arne Johannessen sitt ordførarkandidatur blir tatt imot av veljarane.
Kampen om ordførarklubba synest å stå mellom desse to.
Torodd Urnes er tilbake i manesjen for KrF, Frp kjem igjen med Ernst Veum, Høgre stiller med Geir Arve Sandvik som sist, Venstre med Jon Ove Lomheim, også han toppkandidat sist. Nye toppkandidatar i Luster er Marit Vøyen Nes for SV og Reinert Jonas Vigdal som stiller for Partiet Dei Kristne.

Største spenninga ved valet i Luster i år er om Ap kjem til å gjere eit brakval sidan dei har fåttArne Johannessen som ordførarkandidat

Eldgrim Fossheim, NRK-kommentator

I den pågåande diskusjonen om kommunestruktur er alle parti i Luster med unntak av Høgre, ganske sikre på at dei vil halde fram som eigen kommune – okke som. Kommunen har vel 5000 innbyggjarar og ganske romsleg økonomi som ein av kommunane med størst inntekter frå kraftproduksjon her i fylket. Einaste naturlege kommune-ekteskapet for Luster er Sogndal og eventuelt Leikanger. Men kjemien og forhandlingsklima mellom Luster og Sogndal har korkje tidlegare eller no vore slik at Luster har sett fordel av å slå seg saman med noko meir folkerike Sogndal. Lustringane fryktar nok at mykje av tilboda dei har i dag kan blir "sentralisert" til Sogndal sentrum.

Luster med gamle motsetningar som følgje av samanslåinga av kommunane Luster, Hafslo og Jostedalen i 1963, har hatt mange stridar oppgjennom i samband med lokalisering og personval til politikken. Å lage "rettferdige" politiske vedtak i ein kommune med to lange dalføre, Veitastrondi og Jostedalen, samt tre bygdesentrum, Hafslo, Gaupne og Skjolden har ikkje alltid vore enkelt, og skapt mange debattar. No går ting seg ofte til med åra, men kva vil politikarane gjere med skulen på Veitastrondi når vegen dit er ferdig rassikra? Og skal Luster ha tre sjukeheimar eller kan dei gje eit godt tilbod til dei eldre med berre to?

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.