Hopp til innhold

Håpar dronninga reiser seg

– Det var ei utruleg attraktiv elv, og vil forhåpentlegvis blir det på nytt att.

Lærdalselvi
Foto: Kjell Arvid Stølen

– Elva betyr utruleg mykje for bygda, seier Lasse Sælthun, som er leiar i elveeigarlaget i Lærdal.

– Stor nedtur i 1996

I Lærdal renn det ei segnomsuste elv. Her har kongar og celebritetar stått langs med elvebreidda og kasta etter laks i hundrevis av år. Ei draumeelv for sportsfiskarar der vatnet er så klart at ein kan sjå laksen leikar seg under vassflata. Men i 1996 snudde det.

Denne veka startar nok ei behandling i Lærdalselva for å prøva å bli kvitt lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Parasitten vart oppdaga i 1996, og fram til då var det normalt fiske i elva.

– Det gav gode inntekter til bygda, ikkje berre til grunneigarane, men transportnæringa, hotell, butikkar og andre som sel tenester til fiskarane. Det vart ein stor nedtur i 1996 då gyroen vart oppdaga og det vart lagt eit lok på fisket, seier Sælthun.

Lasse Sælthun

TRUR PÅ NY STORDOM: Lasse Sælthun, leiar i Lærdal elveeigarlag, trur elva vil reisa seg til gamal stordom blant laksefiskarane.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

«Mi andre dronning»

Kong Harald med laks i Lærdal

KONGEN: Kong Harald har Lærdalselva som ein av sine favorittar.

Foto: Frå boka Sportsfiske i Lærdal

Etter fleire feilslåtte behandlingar med både rotenon og surt aluminium, håpar dei no at dette er den siste behandlinga som skal til for å friskmelde elva Kong Harald kalla for «mi andre dronning».

– Elva har vore eit kjennemerke for Lærdal, den har jo blant anna blitt kalla «Dronninga blant lakseelvar». Du kan fiska på laks du faktisk ser, og det er ikkje alle stader du kan.

Det er Norsk institutt for vassforsking som har teke over behandlinga. Tidlegare vart det behandla med gifta Rotenon, som tok livet av alt i elva, men likevel greidde dei ikkje å bli kvitt parasitten. Men no har dei trua på at det er siste gong dei går til kamp mot gyroen i Lærdalselva.

– Det trur me er fordi at me har vidareutvikla metoden, og at me har endra strategi. No behandlar me to år på rad i to lange periodar med ein pause mellom. Den totale behandlingstida er veldig lang, seier Atle Hindar, prosjektleiar for behandlinga.

Laks i Norsk Villakssenter i Lærdal

FRISK: Laksen i Villakssenteret er frisk og fin. Det same kan forhåpentlegvis seiast om laksen i elva om nokre år.

Foto: Norsk Villakssenter

Får svar om fem år

No er rotenon bytta ut med aluminiumssulfat og svovelsyre. I slutten av september er forhåpentlegvis den aller, aller siste behandlinga ferdig. Det er noko Lasse Sælthun ser fram til.

Laks angrepet av parasitten gyrodactylus salaris

GYROEN: Gyrodactylus salaris

Foto: Gorm Kallestad, Kallestad, Gorm

– Det var ei utruleg attraktiv elv, og vil forhåpentlegvis bli det på nytt.

Men om den kan få lov å voksa og bli stor på nytt at, eller om det må endå fleire behandlingar til, får ein ikkje vita før om fem år.

– Det er eit av dei problema me har, når me er ferdige i slutten av september, so kan me ikkje gå ut og måla om det har vore vellukka eller ikkje, det vil syna seg i løpet av dei fem påfølgjande åra. Blir det ikkje påvist gyro i den perioden, då blir elva friskmeld, seier Hindar.

– Laksen er i elva

Lasse Sælthun

SLIK SER DEN UT: På Villakssenteret i Lærdal har parasitten fått sin eigen vesle avdeling.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Fem år er lang tid å venta for spente lærdølar. Sælthun har stor tru på prosjektet, men torer ikkje heilt å sleppa jubelen laus enno han heller. Men den dagen dei går spirande ut i kampen mot parasitten, er han sikker på at elva skal nå gamle høgder.

– Det har vore stor laks her, det var vel eit snitt på 7- til 7,5 kilo. Rekorden er på 25 kilo, det er ein kjempelaks.

– Vil ein kunne nå opp att dit etter behandlingane?

– Ja, det er ingen problem. Arten og stamma er her, og det har jo vore fiska etter aure i sommar, og då har det slengt seg på ein og annan laks også. Det har i alle fall blitt tatt laks på 14–15 kilo, som sjølvsagt har blitt sett ut att.