Hopp til innhold

Kampen for sjukehusa ikkje svekka

Kampen for Lærdal sjukehus er ikkje over trass samarbeidsutspel frå lærdalsordføraren.

Lærdal sjukehus

FORSONING: ordførar Arne Sanden, mana til forsoning mellom sjukehusforkjemparar i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

Foto: unknown / NRK

Lokalsjukehuskampen held fram, seier Bente Øien Hauge i Aksjon forsvar Lærdal sjukehus. Ho tvilar på at ein kan tolke utspelet til Arne Sanden til å bety at han no legg ned kampen.

Bente Øien Hauge

KAMPEN HELD FRAM: Bente Øien Hauge, i Aksjon forsvar Lærdal sjukehus, tvilar på at sjukehusstriden endar med utspelet til ordførar Arne Sanden.

Foto: Privat

Ordførar Sanden sa i dag tidleg at kommunane, fylkeskommunen og Helse Førde må samarbeide for å løyse det store underskotet ved sjukehusa i fylket.

Kastar ikkje hansken

Mange som følgjer med i kampen mellom dei tre sjukehusa i Sogn og Fjordane, fekk seg ei overrasking i dag tidleg.

Ein av dei mest høglytte krigarane for Lærdal sjukehus, ordførar Arne Sanden, mana til forsoning mellom sjukehusforkjemparar i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

Imøtekommande ordførar

Sanden sitt utspel kjem berre ei veke etter at han retta kraftig kritikk mot tolv ordførarar i Sunnfjord og Ytre Sogn.

Lærdalsordføraren mislikte sterkt at kollegaene signerte ei støtteerklæring som gav Sentralsjukehuset i Førde høgare rang enn lokalsjukehusa. No går han dei i møte.

Positiv til samarbeid

Talsperson for sentralsjukehusforkjemparane, Arve Helle, tek imot den utstrekte handa frå Sanden. Men han går ikkje med på at det betyr slutten for mange tiårs sjukehusstrid.

Det viktigaste er at ein uansett standpunkt er i stand til å setje seg ned og sjå kvarandre inn i auga og diskutere. Gjer me med det kan det komme litt av kvart ut at det, seier Fjaler-ordføraren.

Helle oppfattar Sanden sitt utspel som eit ope ønske om å samarbeide, og stake ut ein felles kurs.

– Eit slikt initiativ seier eg ikkje nei til, legg Helle til.