Hopp til innhold

Kampen er over

3–0 til Ull/Kisa. Det vart ein tung kamp for Sogndal. – For dårleg stort sett gjennom heile kampen. Mot Notodden til helga må me slå tilbake. Då skal me sjå eit mykje meir aggressivt Sogndal-lag, seier Eirik Bakke til NRK.

Dei tre scoringane kom alle i 1. omgang, blant anna etter ei straffe. Men Eirik Bakke sine menn klarte ikkje å løfte spelet i 2. omgang. Sogndal hadde eit par halvgode sjansar, men det blei aldri skikkeleg farleg for Ull/Kisa-keeper Stefan Hagerup. Heimelaget hadde fleire store sjansar til å gå opp til både 4–0 og 5–0, men keeper Mathias Dyngeland redda laget frå endå styggare tapssiffer. Dermed står opprykkskandidaten Sogndal med berre eitt poeng etter dei to første serierundane. Kampreferatet finn du her.