Hopp til innhold

Kampanjen mot Kinn kommune får ikkje pengar av Vågsøy kommune

Eit klart fleirtal i kommunestyret i Vågsøy sa torsdag kveld nei til å støtte den ny starta organisasjonen «Nei til Kinn» med 50 000 kroner

Fredrik Egeberg

FEKK NEI: Fredrik Egeberg er ein av initiativtakarane til «Nei til Kinn»

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er klart eg er skuffa. Vi hadde eit håp elles så hadde vi ikkje søkt, seier Fredrik Egeberg, som er ein av initiativtakarane til motkampanjen mot at Vågsøy og Flora skal slå seg saman til Kinn kommune.

I kommunestyremøtet torsdag kveld røysta fleirtalet med 19 mot 7 røyster for at dei ikkje skulle få pengar til kampanjen sin, skriv Fjordenes Tidende.

– Bakgrunnen for det er at kommunestyret har tillit til at Vågsøy kommune og fellesnemda klarar å gi god informasjon om Kinn kommune, seier ordførar Kristin Maurstad (Ap) til NRK.

Kjenner seg overkøyrde

Nyleg synte ei meiningsmåling gjort for NRK, Fjordenes Tidende og Firdaposten at 62 prosent av innbyggjarane i Vågsøy seier nei til Kinn kommune, medan 31 prosent seier ja.

– Med eit så stort neit-fleirtal så er det ein god del folk i denne kommunen som no vert overkøyrde i lag med oss, seier Egeberg til NRK.

Aksjonsgruppa ser seg no om etter andre finansieringskjelder.

– Vi opprettar no bankkonto med Vips, og oppfordarar bedrifter og privatpersonar til å støtte oss, seier Egeberg.

Kristin

FOLKERØYSTING: Kristin Maurstad (Ap) er ordførar i Vågsøy

Foto: FREDRIK HELLAND / NRK

– I kommunestyret meiner vi at den offentlege informasjonen som kjem frå fellesnemda og prosjektorganisasjonen skal gi eit godt grunnalg for å gjere seg opp si eige meininga, seier Maurstad

Får røyste

I same kommunestyret møte vart det med stort fleirtal også bestemtn at 16-åringar skal få seie si meining i folkerøsytinga om Kinn kommune.

– Det har vore eit sterkt ynskje får ungdommen sjølve og då tykkjer eg det er rett av kommunestyret å høyre på ungdommen, og gi dei høve til å røyste i sak som vil vere viktig for ungdommane i framtida, seier Maurstad.