Politioverbetjent Håvard Arntzen og politibetjent Finn Rottem, som begge arbeider i Nye Kripos, forklarte seg tysdag om funna dei gjorde på hybelen til Karterudseter.
- Vi fann mykje blod på skapdøra, blod som må skuldast at det er skjedd ei straffbar handling. Vi fann også søppel på og under kroppen til Hedda Karterudseter. Det var mange teikn som gjorde meg sikker på at vi snakka om ei straffbar handling, sa politioverbetjent Håvard Arntzen.
- Fleire teikn på kamp
Han sa vidare at dei fann DNA-materiale frå tiltalte på senga til Hedda Karterudseter. Bilete som vart viste for retten synte at Hedda låg på golvet, og at det var mykje rot i rommet. Alt saman teikn på kamp.
I går sa Hassan Samryie Hashin at Karterudseter låg på senga då han forlet rommet, og at ho heller ikkje ytte motstand. Funna til politiet tyder på det motsette.
- Vi fann også blodflekker andre stader i rommet, blod frå Hedda Karterudseter, sa Kripos-teknikaren.
Han fortalte at plasseringa av blodfunna tyder på at det har vore utøvd makt. Forklaringa til Kripos-betjentane er detaljerte, og tiltalte har ikkje kasta eit einaste blikk på det materialet som blir vist på storskjerm i retten.