Hopp til innhold

Kamp om skuleelevane

Kampen om avgangselevane frå ungdomsskulen i Sogn og Fjordane blir stadig tøffare.

Flora ungdomsskule
Foto: NRK

Vidaregåande skular i fylket reklamerer med frukostservering og ein fast heimedag i veka for å lokke elevane til sin skule.

Ungdomskuleelevane må bestemme seg innan 1. mars for kva skule dei skal velje. Sjølv om skulane i fylket samarbeider om skuletilbodet, er det òg viktig for skulane at elevane vel nettopp dei.

Marknadsføring

Rektor Grete Øren ved Hafstad Vidaregåande skule i Førde meiner det er ein viss konkurranse om elevane. Dei har difor lagt meir vekt på marknadsføring i år enn tidlegare.

- Vi har ikkje vore så flinke til å fortelje om Hafstad tidlegare, så i år har vi gjort ein betre innsats, seier Øren.

Høyanger vidaregåande skule har 183 elevar. Her er kampen stor for å få nok elevar til skuleåret byrjar. Og rektor Ottar Hjetland meiner det rådar ingen tvil om at det er hard konkurranse mellom skulane.

- Det er lagt opp til konkurranse mellom skulane i og med at vi har fritt skuleval i fylket, seier Hjetland. Han meiner dei har ein fordel i sin eigen region ved at elevane får bu heime. 

Høyanger er pressa

Høyanger vidaregåande er avhengig av nok elevar for i det heile å overleve. Ottar Hjetland meiner fleire skular kan komme til å slite dersom tendensane til sentralisering held fram.

- Vi er pressa på tilgang på nok elevar. Fleire elevar som naturleg burde gått i Høyanger, blir lokka til å gå på andre skular av ulike grunnar. Nokre vel andre skular fordi dei vil gå på linjer som vi ikkje har, medan andre vel å reise til større plassar fordi slike stader har eit drag på ungdom. 

For å lokke til seg nye elevar, har den vidaregåande skulen i Høyanger sett i gang fleire tiltak. Hybelhus og ei særskilt ordning for heimreise er nokre av tiltaka.