Hopp til innhold

Kamp mot lakselus kan gi storfangst

Kampen mot lakselus i 2013 kan føre til storfangst i år. Thor Østengen starta årets laksefiske med en fisk på 10 kilo.

Thor østengen med årets første laks i eidselva.10 kg

SOLID LAKS: Thor Østengen landa årets første laks i Eidselva i Nordfjord. 10 kilo synte fiskevekta.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Det var ikkje mange minutta eg hadde fiska før eg var heldig fekk fast fisk. Det var mykje krefter og mykje brems på snella, men det tok ikkje meir enn fem minutt før eg hadde den på land. Då var klokka 14 minutt over midnatt, fortel den lukkelege fiskaren til NRK.

Thor Østengen er ein av mange fiskentusiastar som ved midnatt kunne starte laksefisket, og laksen han starta årets sesong med vog heile 10 kilo.

Nestleiar i Jeger- og fiskeforbundet i Sogn og Fjordane, Bjarne Huseklepp, har med eigne auge sett teikn til at sesongen blir god, for han sin del i Flekkeelva.

– Onsdag såg eg over 15 laks, sist søndag såg eg sju ovanfor brua og så stod det nokon i straumen nedanfor. Eg tykkjer at dette ser veldig lovande ut.

Og den oppfatninga har også Norske Lakseelver, som er næringsorganisasjon for dei som har fiskerettane i nær 80 lakseførande vassdrag. For det er grunn til å tru at årets laksefiskarar kan få større laks på kroken enn tidlegare år.

– Vi håpar at det skal bli ein bra sesong. I alle fall på storlaksinnsiget. Vi har sett ein del rapportar, mellom anna frå Namsenfjorden i Trøndelag, at det er mykje storlaks på veg inn tidleg i sesongen, seier Pål Mugaas i Norske Lakseelver.

Gunstige forhold i 2013

Årsaka til optimismen botnar i at oppdrettsnæringa i 2013 hadde god kontroll på å avluse oppdrettslaksen. Dét kan årets laksefiskarar komme til å nyte godt av.

– I 2013 var det ganske vellukka, samordna avlusing langs norskekysten frå oppdrettsindustrien. Det ser vi heilt tydeleg no. Det er fleire laks som har overlevd frå 2013-årgangen.

I Flekkevassdraget i Fjaler er Bjarne Huseklepp spent. For sjølv om resultata seier til at det skal verte fleire storlaks i år, tek ikkje den røynde fiskaren noko for gitt.

– Det var gunstige forhold i 2013, og det skal gje resultat. Men om vi får dei resultata vil vi vite meir om når vi kjem ut i sesongen. Alle fiskekorta er selde og det er nok mange som kunne tenkt seg å vore der. Mange har jo venta i mange månader på å kome i gang igjen.

Lakselus

MINDRE AV DENNE: Lakselus er eit stort problem både for villaks og oppdrettslaks. Men god avlusing i 2013 kan gje mykje stor villaks i år.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Optimisme i gyrofri elv

Også i Lærdalselvi ser dei fram til å nyte fruktene av arbeidet mot lakselus i 2013. Men aller mest jublar dei over at dei ikkje har sett snurten av lakseparasitten gyro på fleire år.

Sjølv om elva formelt ikkje er friskmeld før til neste år, er tilstanden lovande, seier leiar i Lærdal elveeigarlag, Lasse Sælthun.

– Dette er jo spennande kvart år, og forventningar har vi. Vi har jo fått tilbakemeldingar på at det er fisk som har gått opp elva, så vi er optimistiske, det er vi.

Thor østengen med årets første laks i eidselva.10 kg
Foto: Harald Kolseth / NRK