Hopp til innhold

Varslar kraftig vind over store delar av Noreg

Høgtrykk over Baltikum og eit lågtrykk ved Island vil gi ein stormfull avslutning på helga. Og ein stormfull start på neste veke.

Trykksystem betyr trøbbel for Vestlandet 14. og 15. januar 2017

VINDFULL: Søndag og måndag får Vestlandet betale for å ligge midt mellom kraftige trykksystem. – Veit du at du bur på ein stad der sønnavinden tek godt, så bør du ta nokre førehandsreglar, seier Geir Ottar Fagerlid.

Foto: Meteorologisk institutt

Meteorologisk institutt har sendt ut varsel om kraftig vind frå sør både søndag og måndag.

Det er venta sørleg, kanskje sterk storm på kysten og truleg orkan ved Stad.

Geir Ottar Fagerlid

FØLGJER MED: Geir Ottar Fagerlid seier vinden er venta å bli heilt på grensa til ekstremvêr. – Det er ikkje noko som forsvinn med det første. Det blir ganske dårleg ver i fleire timar, seier han.

Foto: Meteorologisk Institutt

– Det er i grenseland til verre ting. Det er venta vindkast opp i 35 meter i sekundet, og det er grensa vi har sett for ekstremvêr, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerli ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Heile Norge

Det er kampen mellom trykksystema over Baltikum og ved Island som fører til den kraftige vinden. Fagerlid seier ein vil merke vinden over store delar av landet. Vinden kjem frå sør.

– Det er først og fremst fjell og kyst som vil merke det, men vindkasta kan også komme ned i fjord- og dalstrok som er utsett for sønnavind, seier Fagerlid.

Ventar mykje vind 14. - 15. januar

KYSTEN: Vinden vil treffe spesielt kysten og fjellområda i Sør-Noreg.

Foto: Meteorologisk institutt

– Vi ventar veldig kraftig vind over store delar av Norge. Finnmark vil også få veldig kraftig vind frå det same lågtrykket, men ein vil truleg merke det mest i nordlege delar av fjellstroka i Sør-Noreg, legg han til.

På grensa til ekstremvêr

Vinden blir truleg kraftigast natt til måndag. Fagerlid seier dei følgjer med utviklinga.

– Dersom prognosane dreg seg meir til, så får vi vurdere kva vi skal gjere. Det er ganske mykje vind.

– Er det på grensa til ekstremvêr?

– Vindkast på 35–40 meter i sekundet er ekstremt, men det bør treffe eit større område og bør helst treffe der folk bur. Sørleg vindretning er gunstig for Vestlandet. Det er verre dersom vinden kjem sørvestleg retning.

– Men det er så pass mykje vind at det kan bli problem, seier Fagerlid.

– Rekn ekstra tid

Det er venta lite nedbør medan vindkreftene rår, noko som er positivt for dei som skal over fjellet. Sørleg vindretning tek ikkje så godt på mange fjellovergangar, men så er det også fjellovergangar der den verkeleg tek.

– Det kan vere lurt å rekne litt ekstra tid om du skal over fjellet frå søndag ettermiddag til måndag ettermiddag, seier Fagerlid.

– Kor sikre er de på at det blir så sterk vind?

– Om vinteren er vêrvarsla sikrare. No er det eit stort lågtrykk og eit stort høgtrykk. Trykkskilnaden er faktisk på 100 hektopascal, så det skal litt til for å flytte desse vêrsystema. Vinden er vi sikre på, følgjene er vi ikkje så sikre på.