Hopp til innhold

Kvinne sparka mann i andletet

Sparka så kraftig at mannen måtte til lege etter tumultane.

Politi

KRANGEL OG KNUFFING: Politiet har i løpet av natta måtte gripe inn der kranglar har utarta.

Foto: OLSEN, LINN CATHRIN / NTB scanpix

Politiet i Sogn og Fjordane fekk i 0238-tida melding om at ei kvinne hadde sparka ein mann i andletet. Mannen måtte til lege i Sogndal for undersøking. Det var kvinna sjølv som kontakta politiet. Til politiet skal kvinna ha forklart at ho prøvde å skilje tre menn som krangla og knuffa at ho sparka mannen i andletet.

Kva som har skjedd før og etter sparket er noko uklart for alle partar, opplyser politiet. Ingen av partane har tatt stilling til om dei vil melde forholdet til politiet.

Førde-bråk

Også i Førde var det bråk i natt. Ein mann i 20-åra vart slått til ved ein utestad. Det er ikkje kjent kva som var årsak til hendinga, opplyser politiet.

Klokka 0300 måtte politiet pålegge ein bilførar slutte å følgje etter ein annan bil. Dei som vart følgde etter, kjende seg utrygge. Bakgrunnen for at mannen køyrde etter bilen var krangel som sonen til bilføraren av den forfølgde bilen var involvert i. Dette hadde skjedd tidlegare på kvelden, men politiet fekk snakka fornuft med begge partar.