Hopp til innhold

Kamilla: – Vi psykar oss sjølve ut

SKEI (NRK): Fleire jenter enn gutar kjenner press om å sjå bra ut og å gjere det bra på skulen. Kjendisar og sosiale medium får skulda.

Kamilla Rivedal

KJENNER PÅ PRESSET: Kamilla Rivedal seier at det ikkje er så lett å ta første steget, og bryte ut av tankegangen om at ein må vere perfekt.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Eg er ikkje overraska, Det reflekterer liva våre veldig godt, seier Kamilla Rivedal, som er elev ved Dale vidaregåande skule.

Ho var invitert til framlegginga av den siste store ungdomsundersøkinga – Ungdata. Her har meir enn 5000 elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule i Sogn og Fjordane har svart på mange inngåande spørsmål.

– Kjendisar skapar press

1 av 10 jenter opplever ganske eller særs ofte så mykje press at dei har problem med å takle det, kjem det fram i undersøkinga. Og på fleire område viser tala at jenter kjenner eit større press enn gutane. Både når det gjeld kropp og prestasjonar på skulen.

Laster innhold, vennligst vent..

38 prosent av jentene på vidaregåande skule kjenner eit press rundt å ha ein fin kropp. Det tilsvarande talet for gutane er 11 prosent.

Rivedal trur jentene ofte legg eit urimeleg stort press på seg sjølve.

– Vi lagar høge forventningar i vårt eige hovud som ingen andre har til oss. Vi psykar oss sjølve ut, seier ho.

Rivedal gir kjende personar som får merksemd i sosiale medium og reklamebransjen mykje av skulda for presset.

– Dei skaper eit press på korleis du bør sjå ut for at folk skal like deg og verte suksessfull.

– Jenter skal vere flinke og snille

Spesialkonsulent Randi Vartdal Knoff ved KoRus Vest Bergen er ein av fleire som står bak årets undersøking.

– Når det gjeld press på å prestere godt på skulen, så svarar jentene ofare at dei synest det er stressande. Dei kjenner og på at dei skal gjere det bra på mange område som utsjånad, karakterar, at dei skal vere godt likte og ha mange vener.

Laster innhold, vennligst vent..

Medan 50 prosent av jentene i vidaregåande skule kjenner eit press om å gjere det bra, er det tilsvarande talet blant gutane 23 prosent.

– Det kan og vere forventningar frå både foreldre og resten av samfunnet om at jenter skal vere snille og flinke, medan gutane har friare tøyler, meiner Vartdal Knoff.

– Ikkje lett å ta første steget

Rivedal skulle gjerne sett at jentene ikkje kjende eit større press enn gutane, Kva må til for å bryte den trenden?

– Eg veit ikkje. Vi må berre bevise at vi ikkje treng vere perfekte for å lykkast og verte sosialt aksepterte. Men det er ikkje så mange som går rundt og snakkar om at det faktisk er mogeleg å bryte denne trenden. Nokon må jo ta det første steget, og det er jo ikkje alltid så lett.