Hopp til innhold

Kameratane som berga Janne

Gaute Stadheim og Bjarte Breilid redda truleg livet til Janne Holen (18), som var med i bilen som køyrde på fjorden ved Hella ferjekai fredag. I om lag 10 minuttar var Holen fanga i det kalde vatnet.

Redningsheltar

HELTEDÅD: – Det gneg oss litt at me ikkje har namna på dei andre som var med under livreddinga på Janne Holen. Dei har ikkje fått den rettmessige takka for innsatsen, slik me har fått, seier Gaute Stadheim (31, t.v.) og Bjarte Breilid (29).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det er utruleg å tenkja på at ho var utan liv då me henta ho opp av vatnet – no har ho gått på eigne føter og pussa tennene, seier kaupingen Bjarte Breilid og ser bort på kameraten Gaute Stadheim frå Vik.

Tre dagar har gått sidan dei hamna uforvarande i eit redningsdrama ved Hella ferjekai. Fredag like etter klokka 17 køyrde ein bil med tre personar i Sognefjorden. Dei to gutane som var i bilen, kom seg raskt ut og opp av vatnet.

Det gjorde ikkje Janne Holen frå Vik, som blei liggjande på fleire meters djupn i om lag ti minuttar.

Bursdagsfest

Stadheim og Breilid var på veg frå Sogndal til Vik for å feira 31-årsdagen til Stadheim. Dei hadde akkurat køyrt om bord i ferja som skulle ta dei frå Hella til Vangsnes då dei høyrde eit dunk som kunne minna om ein ferjelem som gjekk att.

Gaute Stadheim

LETTA OG GLAD: – Det gjorde godt å høyra at det ser ut til å gå bra med Janne Holen, seier Gaute Stadheim.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Men då me såg ferjebillettøren koma springande, forstod me at noko hadde skjedd. Me gjekk ut av bilen og bak til ferjelemmen. Der såg me dei to gutane som baksa nede i vatnet, fortel Stadheim.

Breilid, Stadheim og Bjørge Berglund frå Vik kasta livbøyer og redningsvestar i vatnet, slik at dei to gutane hadde meir å gripa tak i.

– Etter kvart forstod me at der var eit menneske til nede i sjøen ein stad, seier Stadheim.

Han gjekk då og henta ein dobbelstige inne på ferja for å koma seg ned vassoverflata.

– Eg hugsar at eg tenkte: Eg må iallfall prøva, fortel Stadheim.

– Heldigvis var ho blond

I null grader og med tett snødrev rundt øyro sette Stadheim opp stigen, på skrå frå sida av ferjelemmen, der han stod, ned mot ein støypekant, som var ein meter under vassoverflata på pirsida. Han tok av seg kleda, klatra ned og byrja å kika ned i sjøen.

Fyrst såg han noko som kunne sjå ut som ein bilspegel. Så, under ferjelemmen, fekk han auga på noko som kunne minna om lyst hår langt nede i vatnet, og noko som såg ut som ei skulder.

– Heldigvis var ho blond, slik at eg fekk auga på det håret, seier Stadheim.

– Då var det ikkje så mykje annan å gjera enn å dukka uti.

(SAKA HELD FRAM UNDER VIDEOEN)

Created by InfoDispatcher

Stadheim tok med seg tauet frå ei redningsbøye ned stigen, surra det rundt handa og sumde ned gjennom det kalde sjøvatnet.

– Då eg kom ned til henne, tok eg tak, fyrst etter håret, og drog til. Ingenting skjedde, så eg tenkte at ho sat fast i noko. Då surra eg tauet to gonger rundt henne, men kom på at eg var festa i det sjølv, så eg måtte symja tilbake og få tauet laust frå henne att. Då hadde eg byrja gå tom for luft

– Eg fekk tak i armen hennar og rykte til, fyrst ein gong og så ein gong til. Då måtte eg opp att for å få luft. Då eg fekk hovudet over vatnet, ropte eg opp om ikkje ein til kunne koma.

Livlaus


Bjarte Breilid, som stod på ferjelemmen, byrja å ta av seg skoa, men akkurat då såg Stadheim at det blonde håret byrja å koma nærare.

– Jenta hadde tydelegvis losna og byrja å flotna, seier Stadheim.

(SAKA HELD FRAM UNDER BILETET)

Bjarte Breilid

VIKTIG MED OPPLÆRING: – Hendinga på fredag viser kor viktig det er med god symjeopplæring og regelmessig trening på livredding, seier Bjarte Breilid og teiknar opp korleis redningsaksjonen ved Hella ferjekai skjedde.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Han dykka då ned i det kalde vatnet ein gong til, fekk tak i henne og tredd ho gjennom redningsbøya som låg på sjøen. Hengande i bøya blei Janne Holen heist opp frå vatnet, dei tre-fire meterane, over rekkverket og på land. Då starta opplivinga.
Medan Stadheim gjekk for å ta på seg varme klede, tok Bjarte Breilid og to andre menn Holen med seg inn i varmen på ferja.

– Då me hadde fått lagt ho ned på golvet, konstaterte me med ein gong at ho ikkje pusta og ikkje hadde puls. Då sikra me luftvegane og byrja straks med livredding, fortel Breilid.

Etter eit par minuttar, skjedde eit eller anna med Holen, men så blei ho vekke att.

– Me hadde aldri kontakt med henne, ho var heilt vekke, seier Breilid.
Breilid er usikker på kor lenge han og dei to andre mennene heldt på med munn-til-munn og hjartekompresjonar, men kanskje i ti-femten minuttar:

– Då brann- og redningsfolka frå Leikanger nådde fram og tok over, hadde me fått i gang ein uregelmessig pust og svak puls. Så då hadde me fått liv i ho att.

Takknemleg familie

Janne Holen blei etter kvart sendt til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse. Då ho kom dit fredag, var helsetilstanden kritisk, men blei laurdag nedjustert til lettare skadd. Og om ettermiddagen same dag kunne talsmannen for familien til Janne Holen, Rune Målsnes, fortelja at det såg ut til å gå bra med den 18 år gamle jenta. Og i går la Målsnes ut følgjande melding på Facebook:

– Dei (foreldra til Janne Holen) er opptekne av å få takka kvar og ein av dei som var med under sjølve ulukka, noko dei og vil koma tilbake til seinare. Som dei seier sjølve: Dette er ikkje anna enn eit stort under.

For Stadheim og Breilid var letnaden og gleda stor då dei fekk vita at det ser ut til å gå bra med jenta dei truleg redda livet til.

– Det gjorde godt å høyra det, det gjorde det, seier Stadheim.

Fleire heltar

Mange har omtala Stadheim og Breilid som heltar etter redningsdramaet på fredag. Sjølv prøver Stadheim å tona ned redningsdåden i det kalde vatnet.

– Å gjera det var ingen stor fysisk prestasjon. Det handla mest om å tora å gjera noko då me forstod at det framleis låg eit menneske i vatnet.

Stadheim og Breilid er oppteken av å trekkja fram dei andre som var med på å redda Holen, og spesielt dei to som var med Breilid på opplivinga.

– Det gneg meg at eg ikkje veit kva dei to heiter. Dei har ikkje fått den rettmessige takka for innsatsen, slik me har fått, seier Breilid.