Hopp til innhold

Kalvåg Kystfestival sette ny besøksrekord: – Vi går berre og smiler heile gjengen

Med totalt 7000 på konsertane er årets utgåve av Kalvåg Kystfestival den best besøkte nokon gong. Samarbeid er ein viktig del av suksessoppskrifta, trur festivalsjefen.

Kalvåg kystfestival 2019

REKORD: Kalvåg kystfestival 2019 sette ny publikumsrekord.

Foto: Vidar Furnes

I slutten av juni melde mange av dei store festivalane i fylket om svært godt billettsal.

Malakoff på Nordfjordeid sette i slutten av juli ny publikumsrekord med kring 29.000 besøkjande.

Rekordmange tok også turen til Skjerjehamn og Utkantfestivalen siste helga i juli.

Etter helgas arrangement, kan også Kalvåg Kystfestival gle seg over ny besøksrekord.

– Det har vore ei helg over all forventning. Vi har sett rekord på rekord, med totalt 7000 inne på konsertane. i tillegg hadde vi nesten 300 bubilar, som gjer det til det største bubiltreffet mellom Bergen og Trondheim nokosinne, seier festivalsjef Svein Arild Vatsø, og legg til at det var 250 båtar i hamna i Kalvåg.

  • Les meir om kva som skjer i Sogn og Fjordane i sommar her

Utseld konsert for første gong

At dei skulle selje ut, hadde arrangørane ikkje rekna med.

– Vi har alltid hatt så stor kapasitet at det har vore heilt utenkeleg at vi skulle kome i den situasjonen at vi sel ut, men det gjorde vi i går. Vi går berre og smiler heile gjengen, seier ein fornøgd festivalsjef.

Kystfestivalen har hatt 1000 fleire besøkande enn budsjettert, og det dei hadde i fjor.

Kalvåg kystfestival 2019

OVER ALL FORVENTING: Totalt besøkte 7000 Kalvåg i løpet av festivalhelga.

Foto: Vidar Furnes

– Når ein står midt i det får ein ikkje reflektert så mykje over det besøket som er. Vi gler oss til å få sett gjennom bilete og videoar frå helga.

Mangedoblar innbyggjartalet

Høgdepunktet er at så mange festglade folk møtast på ein liten plass som Kalvåg meiner festivalsjefen.

– Det blir ein heilt spesiell atmosfære når du har eit så stort besøk. Her bur ikkje meir enn 500 til vanleg, så det blir ei tidobling. Det er vel det som har gjort mest inntrykk, seier Vatsø.

At dei ikkje er aleine om å setje besøksrekord, trur han mellom anna handlar om samarbeid.

– Eg trur det er på grunn av at arrangørane snakkar med kvarandre, og ein har større utveksling av erfaringar enn tidlegare. I tillegg har festivalane vorte meir profesjonelle, med fokus på marknadsføring.

Festivalsjef for Utkantfestivalen, Viggo Randal, er samd i at samarbeid er ein styrke.

Eg har alltid meint at vi ikkje er konkurrentar. Ved å utveksle erfaringar blir alle betre, seier Randal.

Utkantfestivalen er mellom anna med i eit bookingsamarbeid med festivalar ulike stader. I tillegg er dei med i festivalnettverket 100 Dagar, der dei deler erfaringar med festivalar i Hordaland og Rogaland.

Bur seg på 2020

Vatsø viser til at når ein også opplever godt førehandssal, står ein godt rusta uansett vêr.

– Men ved å ha vêret med seg får ein dei 20 prosent ekstra besøkande elles ikkje ville hatt, seier han.

I Kalvåg er dei så smått begynt å tenkje mot festivalsommaren 2020.

– Det vi veit er at det blir ein festival neste år, og vi gler oss. Vi har ikkje noko mål om å vekse oss større, for vi har ikkje plass til fleire. Vi ønskjer heller ikkje at artistane skal bli så store at dei tek alt fokus. Det er Kalvåg som skal vere den store headlineren, seier Vatsø.