NRK Meny
Normal

Klatring i masta var ikkje ulovleg - men klatrar dei no får dei bot

Klatrarane som tidlegare i haust klatra til topps i masta på Hafstadfjellet, gjorde ikkje noko ulovleg den gongen, seier lensmann i Førde.

Jan Egil Tvinde, Hafstadfjellet mast

FORBODE: Det var ikkje forbode å klatra i masta då dei to ungdomane gjorde det, men når det Norkring heng opp skilt, vil den som klatrar i masta vente seg ei bot, seier lensmann i Førde Jan Egil Tvinde.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu/privat / NRK-montasje

Klatrarane filma seg sjølve og la det ut på internett der hevda at dei klatra utan sikring.

Det har vore mykje diskutert om dei to som klatra til topps i den 136 meter høge TV-masta på Hafstadfjellet gjorde noko ulovleg. Lensmann i Førde Jan Egil Tvinde stadfestar no at det gjorde dei ikkje.

– Det var ikkje forbode å klatre i masta då dette skjedde, seier Tvinde.

For dårleg skilting

Grunnen til at politiet no har kome fram til det er at det ikkje var noko skilting som gjorde at straffelova tredde i kraft.

– No jobbar Norkring med å setje inn tiltak. For alt eg veit er det no kome på plass. Når skiltet er på plass vert det ulovleg å klatre i masta, og ein kan bøteleggjast for å drive slik aktivitet, seier lensmannen.

Tvinde trur at Norkring truleg ikkje var klar over at lova var slik, men reknar med dei får på plass dei nødvendige skilta så fort dei kan.

Anonyme klatrarar

ANONYME: Klatrarane som i sommar klatra til topps i masta på Hafstadfjellet ønskjer å vere anonyme. Den eine har no sagt til politiet at dei hadde sikring då dei klatra.

Foto: NRK

Hadde likevel sikring

Frå no av må altså politiet belage seg på å ta hand om dei som skulle finne på å klatre i masta.

– Det er jo like farleg anten det er ulovleg eller ikkje, så eg oppmodar sjølvsagt ingen til å gjere det.

Lensmannen fortel òg at dei har hatt ein urosamtale med den eine ungdomen som klatra der oppe.

– Han opplyste om at dei hadde sikring under klatringa. Eg trur at dei ikkje kjem til å gjere det igjen, fortel Tvinde.

To ungdomar klatra opp i TV-mast og la ut video på Youtube.

SJÅ TV-SAKA: I Vestlandsrevyen 12. august får dei to klatrarane kritikk for stuntet sitt. Her ser du òg videoen frå stuntet.