NRK Meny
Normal

Kallar hovudargumenta i olje- og energipolitikken for usann propaganda

SOGNDAL (NRK): – Politikarane styrer olje- og energipolitikken etter propaganda og halv- og usanningar skapt av olje og gassindustrien sjølv.

Pål W. Lorentzen i Sogndal

BREISIDE: Høysterettsadvokat og styreleiar i Norsk Klimastiftelse, Pål W. Lorentzen, kom med ramsalt kritikk under ein klimakonferanse onsdag.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Val

Styreleiar i Norsk Klimastiftelse, Pål W. Lorentzen, freista å slå beina under fire kronargument som han meiner norsk olje- og energipolitikk bygger på.

– Dei er halv- og usanningar. Og dei er blitt hevda av ei rekkje statsministrar og energiministrar i ei årrekke. Men dette er propaganda som oljenæringa sjølv har skapt, sa Lorentzen.

Argumenta

Argument 1: Norsk olje og gass er særleg miljøvennleg. Det er skadeleg for verdas klima om norsk produksjon stoggar. Då vil mindre miljøvenlege aktørar ta over.

– Produksjon av norsk olje og gass utgjer berre 2–4 prosent av utsleppa frå næringa. 96 prosent skuldast forbrenning. Det spelar liten rolle kvar i verda det blir forbrent. Men desse 2–4 prosentane utgjer likevel ein fjerdepart av dei totale utsleppa i året, og viktige bidragsytarar er gasskraftverka som produserer elektrisitet på plattformene. Elektrifiseringa frå land har møtt motstand, og er blitt utsett for sabotasje og taktikk frå oljenæring, hevda Lorentzen.

Argument 2: Norsk gass er meir miljøvennleg enn kol og olje.

– Gassen er uforeinleg med togradarsmålet. Og dermed er det ingen berekraftig løysing, seier Lorentzen.

Argument 3: 1,3 milliardar menneske lever i fattigdom i verda. Vi må bidra med olje og gass.

– Solidaritet med dei fattige? Det er eineståande frekt å påstå det. Den tredje verda treng fornybar teknologi. Skulle argumentet halde, burde Norge selje oljen til kostpris til den tredje verda. Men det gjer vi ikkje, vi sel det til USA og Europa, der prisane er høgast.

Argument 4: Inntektene frå olje og gass er viktige bidrag til velferdsstaten.

– Det avheng av prisen. Skal vi halde oss innanfor todagarsmålet, blir olje- og gassprisane heilt annleis, og truleg økonomisk feil å satse på, seier Lorentzen.

Dag O. Hessen, Idar Kreutzer, Ce

HADDE INNLEGG: Frå venstre professor Dag O. Hessen ved Universitetet i Oslo, direktør Idar Kreutzer i Finans Norge og direktør Cecilie Daae i DSB under klimakonferansen.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Klimakonferanse

Lorentzen kom med breisida under den nasjonale klimakonferansen i Sogndal i Sogn og Fjordane onsdag.

– Fastlands-Norge er ein beskjeden bidragsytar til klimaendringane. Problemet er olje- og gassnasjonen Norge. Norske styresmakter vil ikkje snakke om dette. Og dei fleste parti støttar oljeverksemda, seier Lorentzen.

Han meiner argumenta ovanfor, som politikarane brukar, kjem frå oljeselskapa.

klimakonferanse sogndal
Foto: Odd Helge Brugrand / NRK


– Vi kan med høg sikkerheit seie at dei er utvikla i kommunikasjonsavdelingane i oljeindustrien. Norsk olje og gassproduksjon bidreg til ei framhald av temperaturauke og ei framtidig katastrofe, meiner Lorentzen.

– Våre barn taper

Han kalla dette ein akutt interessekonflikt mellom dagens generasjon og våre barn, barnebarn og oldebarn. Ein konflikt etterkomarane er dømt til å tape.

– Den kortsiktige tankegangen rår hjå dei største partia. Og det er olje- og gassindustrien som styrer den, sa Lorentzen.

Direktør Tommy Hansen i Norsk Olje og Gass seier at utsleppa i norsk olje- og gassproduksjon er det halve av verdsgjennomsnittet, og at mengda utslepp som blir spart, svarar til halvparten av det totale utsleppet i Norge.

– Lorentzen sitt utgangspunkt i at nedgang i norsk produksjon fører til utsleppsreduksjon globalt, er feil. I ein marknad som fløymer over av olje vil etterspurnaden bli dekka av Russland eller Saudi-Arabia. Vi meiner at det er betre at inntektene går til ein ansvarleg produsent med ambisiøse mål for utsleppsreduksjon og utvikling av lavutsleppsløysingar.

Hansen meiner at dersom gassen Norge leverer til Europa blir erstatta av kull, vil EU sitt CO₂-utslipp auke med 300 millionar tonn CO₂ kvart år. Difor er gass den mest berekraftige løysinga i ein overgangsfase, meiner han.

– Sjølv måla frå Parisavtalen seier at det vil vere om lag 40 prosent olje og gass i energimiksen i 2050, ifølge Hansen.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå