Følling kallar Djuvik ein illojal ramn - krangelen mellom partitoppane held fram

Sjølv om Bjørn Hollevik (H) i dag la seg paddeflat, held krangelen om flyplassar og vegar fram. Jenny Følling (Sp) går så langt at ho kallar Frank Willy Djuvik (Frp) for ein illjoal ramn på skuldra til samferdsleministeren.

Følling og Djuvik

SÆRS USAMDE: Jenny Følling (Sp) og Frank Willy Djuvik (Frp) er slett ikkje politiske perlevener.

Foto: arkiv / NRK

Kort sagt: Dei kranglar om vi framleis skal gå for fire flyplassar her i fylket, eller om vi skal byte ein eller to flyplassar for å få den såkalla Kystvegen, eller om Førdepakken no blir trenert. Førdepakken skal sørge for betre trafikkflyt i fylkets største by.

Og denne veka har ordførarane i Førde og Florø lagt ned stridsøksa og er samde om at dei ikkje kan krangle meir. Vara til Stortinget, Bjørn Hollevik, verkar til å vere heilt samd - og la seg paddeflat i ei pressemelding tidlegare tysdag.

Men kampen er slett ikkje over for alle i den fylkeskommunale bokseringen. Fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) er så sint på fylkespolitikk-kollega Frank Willy Djuvik (Frp) at ho nesten frådar.

Vi får avdekka arbeidsmåtar der Frank Willy Djuvik sit som ein ramn på skuldra til samferdsleministeren

Jenny Følling (Sp)

– No er nok nok. Vi reagerer svært sterkt på arbeidsmåtar vi får avdekka frå Framstegspartiet og også Høgre når det gjeld å motarbeide vedtak som fylkestinget har gjort. Det gjeld Førdepakken og det gjeld flyplasstrukturen, der vi er samde om at vi skal ha fire flyplassar, seier Følling.

– Reagerer med sinne og vantru

Ho legg ikkje ein finger i mellom for å skildre kva ho meiner om Djuvik og det ho meiner er ureine arbeidsmetodar.

– Vi får avdekka arbeidsmåtar der Frank Willy Djuvik sit som ein ramn på skuldra til samferdsleministeren og kviskrar at dette er vi i Framstegspartiet imot. Då blir det illojalt og vi reagerer med sinne og vantru, seier Følling.

Djuvik ser med stor undring på kritikken frå Følling, og hevdar at han lever godt med å bli kalt for ein illojal ramn.

Eg reagerer jo på at raudgrøne politikarar prøver å innføre eit meiningsdiktatur i Sogn og Fjordane

Frank Willy Djuvik (Frp)

– Det lever no eg godt med. Eg reagerer jo på at raudgrøne politikarar prøver å innføre eit meiningsdiktatur i Sogn og Fjordane, der raudgrøne politikarar har monopol på å definere kva som er bra for fylket og ikkje er bra for fylket, seier Djuvik.

– Har ikkje prøvd å trenere

Han hevdar hardnakka at det er hans jobb som Frp-leiar i fylket å jobbe for dei sakene dei har gått til val på, mellom anna nei til Førdepakken.

– Då er mi oppgåve å sørge for at vårt synspunkt og standpunkt på Førdepakken blir kjend i departementet. Vi har på ingen måte prøvd å trenere saka, men vi har vore tydelege på kva Framstegspartiet ti Sogn og Fjordane og Førde meinar om den saka. Så vil utfallet seinare syne om vi blir høyrde eller ikkje.

Han har tydeleg heller ikkje heilt sansen for at Bjørn Hollevik (H) la seg flat for kritikken tidlegare tysdag.

– Han må jo sjølvsagt meine det han vil. Nokre politikarar står for standpunkta sine, andre bøyer av når det blir heitt om øyrene. Framstegspartiet er vande med å få kjeft, men vi endrar ikkje vår politikk om andre politikarar meinar at vi skal gjere det. Vi endrar vår politikk om vi meiner at det er fornuftig, sler Djuvik fast.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.