Ordførar kalla inn til «hemmeleg» politisk møte med tekstmeldingar og telefon

Ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) brukte tekstmelding for å kalle inn gruppeleiarane i Flora bystyre til «hemmeleg» møte om Jacob Nødseth søndag kveld.

Bengt Solheim Olsen

INGEN KOMMENTAR: Bengt Solheim-Olsen nekta å kommentere noko som helst kring Nødset-saka eller møtet for NRK.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det vart ein heilt spesiell politisk seanse i kystbyen søndag, etter at ordføraren laurdag bestemte seg for å halde eit politisk møte utan å informere innbyggjarane i kommunen.

Då NRK snakka med gruppeleiarane i bystyret, stadfesta alle utanom Hanne Husebø Kristensen (H), at dei var kalla inn til møtet på den heilt spesielle måten.

– Vi fekk innkalling frå ordføraren til dette møtet på tekstmelding. Det hender at vi får innkalling til møte på den måten ja, sa Ole Christian Rynning (Sp) på veg inn i rådhuset.

Vil kaste Nødseth

Det var berre eitt tema for møtet, nemleg lagnaden til Høgre-rebellen Jacob Nødseth, som lenge har vore i ein djup konflikt med andre tillitsvalde i sitt eige parti. NRK veit at partigruppa vil kaste Nødseth frå posisjonen som leiar for helse- og sosialutvalet.

Det skjer etter at Nødseth blanda seg direkte inn i sakshandsaminga i ei sak der ein familie ikkje var nøgd med det kommunale omsorgstilbodet. Dette har no vore handsama i kontrollutvalet i kommunen, og dei ønska å ta saka vidare til bystyret.

– Ikkje til bystyret

Men ordførar Bengt Solheim-Olsen møtte motstand frå alle partia utanom sitt eige då han ba om råd søndag kveld.

– Dette er jo ikkje noko sak å ta vidare, den skulle kanskje ikkje ha vore i kontrollutvalet og den skal heller ikkje vere i bystyret, sa varaordførar Jan Henrik Nygård (V) til ordføraren under møtet.

Bente Frøyen Steindal

KRITISK: Bente Frøyen Steindal (Ap)

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Kan ikkje avsetje

Han fekk full støtte for sitt syn frå mellom andre tidlegare ordførar, Bente Frøyen Steindal (Ap).

– Eg er med på det rådet at ein ikkje tek det til bystyret, og så meiner eg vi ikkje skal diskutere anten ein skal avsetje Nødseth eller noko som helst. Eg trur ikkje at ein kan avsetje ein i eit utval, og ein kan ikkje berre avsetje heile utvalet heller, sa ho med klar adresse til Høgre.

Lukka - og opna møtet

Då NRK troppa opp på det gruppeleiarane trudde skulle vere eit «hemmeleg» møte i Florø, vart det raskt murring. Ordføraren kravde lukka dører, og dei synte til paragrafar i kommunelova for å stenge presse og publikum ute.

Etter ein liten time med debatt, valde gruppeleiarane å opne opp att møtet, og synte til at dei ikkje hadde lovheimel for å halde debatten unna offentlegheit.

Ordførar Bengt Solheim-Olsen ville ikkje kommentere noko som helst til NRK, heller ikkje kvifor han valde å sende innkalling til det som skulle vere eit ope politisk møte via SMS.

Jakob Nødseth

KOM PÅ MØTET: Jakob Nødseth, og NRK sin reporter, vart først kasta ut frå møtet i rådhuset i Flora. Etter ein debatt valde dei å opne møtet att.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Tydeleg signal

Jacob Nødseth sjølv var svært nøgd etter møtet, men seier at han har prøvd å få til ein dialog med ordføraren og rådmannen - utan å ha lukkast med det så langt.

– Eg håpar dei no takkar ja etter å ha fått eit så tydeleg signal frå gruppeleiarkollegaene. Eg er oppteken av at ein skal kunne samhandle godt mellom politikk og administrasjon. Eg skal bidra til at det blir lettare, sler Nødseth fast.

– Burde vore offentleg

Rådmann Terje Heggheim heldt seg taus store deler av møtet, men innrømma straks etter møtet for NRK at det burde ha vore gjort offentleg kjend at ordføraren kalla inn gruppeleiarane til rådhuset.

– Her er det kalla inn via SMS grunna tidsnød, vanleg er det ikkje, men det har skjedd.

– Ville det ikkje vore naturleg å opplyse til dømes på heimesida til kommunen om møtet?

– Jo, det hadde vore naturleg å gjort, men så blei ikkje gjort i dette tilfellet, seier rådmann Terje Heggheim.