NRK Meny
Normal

Kaldaste juni på fleire år

I Lærdal hadde i juni i år berre 6 sommardagar. Talet for juni månad i fjor var heile 22 dagar. Store forskjellar er det også andre stader i fylket og elles i landet.

Lærdal

STOR FORSKJELL: Målestasjonen i Lærdal er den som ser størst forskjell på tal dagar med temperatur over 20 grader dersom ein samanliknar juni i år med juni i fjor.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ein sommardag er ein dag med temperatur over 20 grader. Slike dagar var det langt fleire av i juni fjor enn juni i år.

– Ut frå målingar på stasjonar som har stått i 10–15 år viser det at juni har vore rekordkald nokre stader, seier statsmeteorolog Anne Solveig Andersen ved Meteorologisk institutt.

To ytterkantar

Dersom vi samanliknar juni i fjor og juni i år ser vi to ytterkantar. Lærdal er berre ein av fleire stader som opplever store forskjellar. I Fjærland var det i juni i fjor 18 dagar med temperatur på over 20 grader, medan det same talet for juni i år er 6 dagar.

– Det er heilt klart forskjell. Vi såg jo i fjor at det var ein varm juni. Då låg vi 1–2 grader over det normale, men i år ligg eit par grader under normalen. Det har vore ein kjølig juni, seier Andersen.

Årsaka er rett og slett at vi har lege i kaldare luft i juni i år enn i fjor.

– Det har litt å seie kor luftmassane legg seg og kor jetstraumen ligg. Den har lege mykje sør for oss, og då har vi blitt liggjande i kjøligare luft frå nord. Der har vi lege nesten heile månaden, bortsett frå no på slutten, seier meteorologen.

Ingen varmegaranti i juli heller

Vi fekk altså ei varm avslutning på juni månad, og vi får ein varm start på juli.

– No har vi gode temperaturar dei nærmaste dagane, så juni startar veldig bra. I neste veke ser det derimot ut som at temperaturane går litt ned att, men det er vanskeleg å seie noko meir enn det.

Dette kan likevel endre seg fort, ifølgje Andersen.

– Dette kan variere. Det har mykje å seie korleis høg- og lågtrykka plasserer seg, så det er ikkje så lett å varsle dette her.

Mange telefonar frå bønder

Journalistane er heller ikkje dei einaste som interesserer seg for vêret for tida. Meteorologisk institutt får mange telefonar.

– Det kjem ganske mange telefonar frå bøndene som driv og skal tørke høy. For dei er det i alle fall viktig å vite om nedbør og temperaturar, seier Andersen.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast