Planane om å flyge helikopter heilt inn i nasjonalparken no er endra, men Erik Solheim i Naturvernforbundet vil halda fram kampen mot Kaldakari. – Vi ser på realitetane i saka, og dei er bortimot som før, seier Solheim.
Prosjekt i boks
Folka bak planane om ein restaurant på toppen av fjellet Kaldakari der gjesten skal fraktast til og frå med helikopter reknar no med
Louis Anda
at prosjektet er i boks, sjå "Ny vri for Kalda-Kari".
Like mykje støy
Louis Anda i Sogndal Turlag meiner dei nye planane endrar lite. Ulempene med ei plassering av denne trafikken rett utanom nasjonalparkgrensa er like store. Spesielt trekkjer han fram støyplagene som følgjer med helikoptertransporten.
Treng byggjeløyve i utmark
I følgje det nye forslaget må Kaldakari-tilhengarane søke om byggjeløyve i utmark og landingsløyve for helikopter i staden for ein endring av nasjonalparkgrensene slik tilfellet var tidlegare. Dette endrar det juridiske men er inga stor endring når det gjeld realitetane i saka, seier Erik Solheim.