Hopp til innhold

Kald start på det nye året

Det blir ein kald start på det nye året, og dei låge temperaturane kjem til å halde seg den komande veka.

Kulde i Lærdal

NO BLIR DET KALDARE: Blå grader i Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving

– Ja, temperaturane har kome ned på minussida no, og der ser det ut til at dei kjem til å halde seg den kom ande veka, seier statsmeteorolog Anders Sivle.

Måndag er det venta søraust bris, elles søraust frisk bris til liten kuling utsette stader. Stort sett pent vêr. Måndag kveld sørleg frisk bris på kysten i nord. Tilskyande.

Faksimile YR

MINUSGRADER: Det er venta låge temperaturar over heile fylket den komande veka syner denne oversikta frå YR.

– Sjølv heilt ute på kysten ser det ut til at temperaturane kryp under null når vi kjem litt ut i veka. I indre strok vil vi no sjå temperaturar på ned mot -10 grader, seier Sivle.

Akkurat no er det ein stabil vêrtype, der det ligg eit høgtrykk over Finland og Russland og lågtrykk som ligg over Storbritannia.

Anders Sivle

KALDT OG TURT: Anders Sivle er statsmeteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Foto: Marit Hommedal

– Det gjer at vi får austavind og kaldt og turt vêr. Når vi kjem mot slutten av veka er det meir usikkert om høgtrykket trekker seg lenger vekk slik at lågtrykka kan nærme seg kysten med mildare vêr.

– Så for dei som går og ventar på snøen så er det kanskje håp når vi kjem til helga igjen?

– Det blir litt langt fram, men det er teikn i prognosane som gjer at det kan kome noko nedbør til helga eller veka etter der. Men dei første dagen ser det turt ut og ingen snø i sikte der, seier Sivle