NRK Meny
Normal

Kaffipioneren i Sogn og Fjordane

SOGNDAL (NRK): Utan eit einaste kaffibrenneri mellom Bergen og Sunnmøre, såg Kjetil Russenes ein moglegheit. No satsar han på å gjera levebrød av å brenna kaffi i Sogndalsfjøra.

Kjetil Russenes

SVART GULLGRUVE? Kjetil Russenes framfor hjartet i Sognefjord Kaffibrenneri: kaffibrennaren.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– God kaffi er ikkje snobberi!

Kjetil Russenes sit i lokala sine i Sogndalsfjøra, medan snikkarane pussar opp i naborommet. På golvet framfor han står ein svær, nymontert kaffibrennar av merket «Diedrich».

– Det er den beste brennaren du får, seier Russenes.

Bålkos vart gründeridé

Dei siste åra har det vore ei oppblomstring av små kaffibrenneri i heile landet. Sogn og Fjordane har vore eit svart hol på kaffikartet – fram til no.

– Eg og ein kompis sat rundt bålet og kosa oss med ein god kaffi frå eit lite kaffibrenneri i Nord-Norge. Så prata me om at dette kanskje er noko me kunne prøvd på i Sogndal også.

Sognefjord Kaffibrenneri

DER MAGIEN SKJER: Kaffibønnene blir putta inn på toppen. Når det er rett temperatur, blir dei sleppt ned i trommelen. – På slutten går det veldig fort. På ti sekund kan bønnene gå frå å vera for lite til for mykje brende, seier Russenes.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Som sagt så gjort. I februar fekk han stipend og stønad frå ulike støtteordningar og kontor i eit gründerfellesskap. I sommar brann han sine første bønner i Oslo, og no er Sognefjord Kaffibrenneri på plass i Sogndalsfjøra.

– Eg gjorde ei undersøking for å sjekka om dette var noko folk faktisk var interesserte i, og det var dei. Det blir spanande å sjå om folk viser same interessa no, seier han.

Oppsving siste tiåret

– Det er lenge sidan det har vore så mange brenneri som er det nett no. De kom til 46 kaffibrenneri ved siste oppteljing, seier Marit Lynes, dagleg leiar i Norsk Kaffeinformasjon.

Det var mange små kaffibrenneri for femti år sidan. Men då ny og betre teknologi gjorde at ein kunne frakta kaffi over lengre avstandar og haldbarheita vart betre, så vart veldig mange av dei lokale brenneria nedlagt.

Marit Lynes

KAFFISJEF: Marit Lynes i Norsk Kaffeinformasjon.

Foto: Norsk Kaffeinformasjon

– Men det siste tiåret har kaffibrenning har fått ei fornya interesse og har blitt lokale, flotte innslag. Me kan samanlikna det med vin: om det berre var forskjell på raud og kvit, hadde ein ikkje trengt meir enn to typar. Der skil me på land, regionar og prosesseringsmetodar. Det er det same med kaffi, seier Lynes.

– Mange av mikrobrenneria er starta av idealistar og brenn – bokstaveleg talt – for god kaffi. Heller det enn at dei leitte etter ein god måte å tena pengar på, held ho fram.

Er kaffi det nye ølet?

For mange er nok kaffi kaffi. Men med oppblomstringa til brenneria, blir også fleire særeigne sortar lettare tilgjengelege for dei vanlege kaffidrikkarane.

– Me har sett ein forrykande vekst i ulike typar øl og ølprodusentar. Det kan henda at kaffien også her på Vestlandet vil ta same retning. Det har vore ein stor ting i byane med mindre kaffibrenneri, så det blir spanande å sjå om det vil gå litt den same vegen også her i fylket, seier Russenes.

Kjetil Russenes på Sognefjord kaffibrenneri

TESTBORDET: Det er klart dei som kjem innom må få smaka ein kopp heimelaga kaffi.

Foto: Sondre Dalaker / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.