Hopp til innhold

Kabelbrot fører til trafikktrøbbel

Ein fiberkabel har roke i Gudvangatunnellen, og naudnettet er ute. Då er det pålagt å køyre i kolonne til alt er i orden igjen.

Vegkamera Gudvangatunnelen

VEGKAMERA: Slik er trafikkbildet ved Gudvangatunnelen no i føremiddag.

Foto: Statens vegvesen

– Mest sannsynleg er både mobil og kommunikasjon via naudnettet i tunnelen ute, seier bygningsleiar Sverre Måge i Statens vegvesen.

For å vareta tryggleiken må bilistane køyre i kolonne.

– Vi køyrer kolonnar for sikkerheits skuld, i tilfelle noko skulle skje, fortel Måge.

Måge veit ikkje når tunnelen opnar for vanleg ferdsel.

– Det er store krav til reparasjon av fiberkablar. Dei må sveisast, og det er ikkje gjort i ei handvending, seier han.

– Det kan fort bli kolonnekøyring ei god stund utover dagen, seier Måge.