NRK Meny
Normal

Kabaretsuksessen til Ottar Wiik på Norge Rundt

VIK (NRK): Ottar Wiik trefte ei nerve med kabareten «Rundballeri Hurra!» og fylkessongen «Sogn og Fjordane». I kveld han du sjå Wiik og dei musikalske venene i Vik på Norge Rundt.

Ottar Wiik

KABARET: Møt Ottar Wiik og dei musikalse venene hans.

Foto: Kjell Vikestad

I 40 år har Ottar Wiik skrive viser om fjordfolket i vest. Tjue år etter at han samla visene om rundballar, innfløkte ferjeruter og statistiske avvikarar på plata «Her langs fjorden», sette han opp kabareten «Rundballeri Hurra!» i ungdomshuset Vikjahalli i Vik i slutten av november i fjor.

Kabareten blei ein stor suksess. To fulle hus, høge sjåartal på den direktesende framsyninga og Wiik sin hyllest til Sogn og Fjordane har gått så det susar på nettet. Nesten 200 000 har sett «Sogn og Fjordane» på Facebook.

I kveld sender Norge Rundt ein reportasje om Ottar Wiik og dei musikalske venene hans i Vik sitt arbeid med kabareten.

Dypt inne i et fjell på Svalbard ligger hundretusener av frø nedfrosset, lagret for fremtiden. Programleder Mathias Lunde Kristoffersen har fått komme inn i det globale frøhvelvet

SJÅ NORGE RUNDT: Fredag kveld kan du bli med til Vik. Sendinga startar 19:30 på NRK. Då kan du også sjå programmet på nettet.