Hopp til innhold

Justispolitikar frå Høgre kallar Listhaug-utspel for utidig

Frida Melvær, som sit i justiskomiteen for Høgre på Stortinget, meiner at terror-utspelet til Sylvi Listhaug er utidig og at ho må tole politisk usemje i saker.

Frida Melvær

STERK REAKSJON: Stortingsrepresentant og justispolitikar Frida Melvær (H) er tydeleg i sin kritikk mot Sylvi Listhaug.

Foto: NRK

Det har storma kraftig rundt Sylvi Listhaug sin Facebook-post der ho skreiv på eit bilete: «Ap meiner terroristenes rettigheter er viktigere enn nasjonens sikkerhet».

At ho i tillegg posta dette same dagen som premieren på filmen om 22. juli har ført til sterke protestar.

Reagerer sterkt på Listhaug

No går justispolitikar for Høgre, Frida Melvær, hardt ut mot Listhaug.

– Eg må jo seie at eg, som mange andre, reagerer på retorikk, bildebruk og dei skuldingane som kjem fram i innlegget til Listhaug. Dette er å ta ei debattform alt for langt og det er utidig. Eg trur det er mange med meg som meiner det same, seier Melvær.

Ho vil ikkje meine noko om kva Listhaug no bør gjere, men Melvær er tydeleg på at Listhaug sjølv må ta ansvar for det ho legg i sosiale medium.

– Men eg synest det er på sin plass å reagere og seie at dette ikkje er noko ein støttar opp om og heller ikkje ønskjer skal bli ein del av norsk politisk debatt, slår justispolitikaren fast.

Ville ikkje svare på skuldingar

Regjeringa er i dag samla til budsjettkonferanse på Hurdal utanfor Oslo og på veg inn til konferansen blei både Siv Jensen og Sylvi Listhaug konfrontert med kritikken. Ingen av dei ville svare på skuldingane.

Frida Melvær, som sit i justiskomiteen på Stortinget, er derimot tydeleg på at ho er overtydd om at eit kvart parti i Norge ønskjer å bekjempe terror og bruke dei verkemidla som kan brukast for å stoppe det.

– Eg trur ikkje Arbeidarpartiet er annleis i så måte. Dette botnar jo i ei bestemt sak der Ap røysta nei til eit verkemiddel som regjeringspartia meinte ville vere effektivt i kampen mot terrorisme. Uansett så tenkjer eg at vi må tole at vi har ulike syn på saker utan skuldingar av den typen Listhaug har kome med til Arbeidarpartiet her, seier Melvær.

NEKTAR Å KOMMENTERE: Sylvi Listhaug (Frp) på veg inn til budsjettkonferanse på Hurdalssjøen måndag.