Hopp til innhold

Justin Bieber lot seg lokke av fjord og fjell

Superstjerna er på superhemmeleg ferie på Vestlandet for å sjå fjell og fjordar. I ettermiddag var han på Hjelle hotell i Stryn.

Bieber på Hjelle hotell

HAS LEFT THE BUILDING: Her, på Hjelle hotell i Stryn, har Justin Bieber vore i dag. No har han letta i det raude helikopteret til venstre i biletet. Men folk har likevel byrja å samle seg utanfor hotellet.

Foto: Silje Guddal / NRK

Justin Bieber i Telenor Arena

PÅ SCENA I OSLO: Fredag og laurdag stod Justin Bieber på scena i Telenor Arena framfor tilsaman 46.000 publikummarar.

Foto: Kim Erlandsen / NRK P3

Justin Bieber har vore i Norge dei siste dagane, og overalt der han ferdast blir det oppstyr. Men superstjerna vil så gjerne sjå litt anna enn berre innsida av hotell, bilar og helikopter, medan han er i Norge.

Difor har han fått ordna eit superhemmeleg opplegg der han kan vere turist – utan at det blir kaos og hundrevis av av folk rundt han.

I dag gjekk turen til Vestlandet, der Bieber har sett fjell og fjordar, og bada i det iskalde Oppstrynsvatnet i Stryn. Vidare gjekk turen med helikopter til verdsarv-bygda Geiranger på Sunnmøre.

Justin Bieber-crew i Oppstryn

SVARTE BILAR OG BUSSAR: Her skal Justin Bieber ha tassa over tunet i badekåpe etter ein iskald dukkert i Oppstrynsvatnet.

Foto: Silje Guddal / NRK

Bieber var tidlegare i dag ute og køyrde båt i Oppstrynsvatnet, og tok seg òg ein dukkert i det turkise isbrevatnet. NRK-journalist Silje Guddal møtte tilfeldigvis på det kjende fjeset medan ho bytte bleie på dottera. Då hadde han akkurat bada i vatnet.

– Vi hadde vore på tur og skulle skifte bleie. Så såg eg opp frå barnevogna og der kom Justin Bieber forbi i badekåpe. Han sa hei og gjekk inn i ein stor buss. Han hadde akkurat bada i Oppstrynsvatnet, seier Guddal.

Etterpå gjekk han og ein hund rundt på plenen ved familiehotellet Hjelle hotell, på Hjelle i Stryn.

Utover ettermiddagen byrja mange å samle seg på Hjelle, men hovudpersonen sjølv letta i helikopter på ettermiddagen for å sjå fjellandskapet på Vestlandet. Seinare var Bieber attende på hotellet, fram til han og heile reisefølget reiste like før midnatt.