NRK Meny
Normal

Justerer ned flaumvarselet, men åtvarar mot skred

Lågare temperaturar og mindre nedbør enn venta gjer at Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) justerer ned flaumvarselet frå oransje til gult.

Brigt Samdal - Regionsjef Vest NVE

ÅTVARAR: Sjølv om nedbørsmengda blir mindre enn venta, åtvarar regiondirektør i NVE, Brigt Samdal, mot jordskred og steinsprang fredag.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Det er klart etter beredskapsmøtet fredag føremiddag. For sjølv om det framleis er venta ein god del nedbør utover fredagen, ventar ikkje NVE alvorlege problem i vassdraga.

– Prognosane frå Meteorologisk institutt fortel om mindre nedbør i nedbørsfelta, og med mindre nedbør enn venta i natt er mange målestasjonar no på veg ned, seier regiondirektør Brigt Samdal.

Følgjer situasjonen

Flaumvarselet vart onsdag heva til nest høgaste nivå for vestlandsfylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Sjølv om vasstanden har vore høg, har ikkje flaumen ført til store problem.

Lågare temperaturar gjer at nedbøren kjem som snø i fjellet. Det igjen gir mindre tilsig i vassdraga.

– Per no er Viksdalsvatnet framleis på veg opp, men vi ventar at det vil flate ut og nå ein topp utan at det fører til store erosjonsproblem. Men vi følgjer situasjonen tett i tilfelle biletet endrar seg, seier Samdal.

Fare for jordskred

Jordskredvarselet til varsom.no er framleis på gult nivå. Sjølv om nedbøren er venta å minke, åtvarar Samdal mot steinsprang og jordskred utover fredagen.

– No er jorda veldig vassmetta, og det er framleis ein del tunge byer som kjem inn. Lokalt kan ein få jordskred, så ein må vere obs, seier Samdal.

Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid fortel at byeaktiviteten vil roe seg utover kvelden. Det vil framleis vere vind på kysten, med stiv til sterk kuling. Rundt Stad blir det storm.

Fin helg

At nedbøren kjem i form av snø til kring 1.000 meter fører til problem for enkelte fjellovergangar. Fredag føremiddag er det stengt over Sognefjellet, og Vegtrafikksentralen oppmodar bilistar til å nytte vinterdekk om dei skal over fjellovergangane.

Om ein ser vekk frå byeaktivitet laurdag føremiddag, går det mot ei fin helg.

– Snøgrensa kan nok krype under 1.000 meter i kveld og natt. Natt til søndag blir ei kald natt, med temperaturar ned mot null grader mange stadar, seier Fagerlid.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast