June skal spele for russiske Lada

June Andenæs har bestemt seg for å prøve eit skikkeleg eventyr: No reiser ho til Russland for å spele handball for Lada.

June Andenæs mot Thüringer HC

PÅ STREKEN: June Andenæs i kjent positur som strekspelar for Byåsen. No skal ho bruke musklane sine for russiske Lada.

Foto: Mario Gentzel / pictureteam

– Det er spennande, kjekt og skummelt og alt på éin gong. Men mest av alt gler eg meg, seier Andenæs til adressa.no.

Strekspelaren frå Sandane var sist sesong i Byåsen, og ho har spelt ei årrekkje for norske klubbar i eliteserien. No er 30-åringen ivrig etter å prøve noko nytt.

I sommar gav ho Byåsen beskjed om at klubben ikkje var det heitaste alternativet kommande sesong. Nyleg signerte ho ein eittårskontrakt med russiske Lada frå Togliatti, om lag 100 mil søraust for Moskva.

Ho håpar klubbskiftet kan vere med og sikre ein plass på det norske landslaget, der ho fleire gongar har vore nære ein plass i meisterskap – men til slutt blitt vraka frå troppen.

– Eg har lyst på landslagsplassen, og trur det er eit bra signal å sende at eg satsar i Russland, seier Andenæs til adressa.no.

Ifølgje spelaren sjølv har landslagssjef Thorir Hergeirsson signalisert at eit klubbskifte kan vere positivt. Lada vann EHF-cupen så seint som i 2012.