Hopp til innhold

June Andenæs aktuell for EM-laget

June Andenæs frå Gloppen er ei av tre som er aktuelle som erstattar dersom Marit Malm Frafjord ikkje blir klar til EM i handball.

June Andenæs i aksjon for landslaget.

EIN A-LANDSKAMP: June Andenæs i den einea-landskampen ho har fått, mot Sverige.

Det stadfestar landslagstrenar Mia Hermansson Høgdahl. Ho seier at dei tre som er nærast ein plass dersom Malm Frafjord må melde forfall er Isabel Blanco, Susann Iren Hall og June Andenæs.

Pr. dags dato vil eg nok kunne seie at det er desse tre som ligg nærast. Vi håpar verkeleg at Marit blir klar, men June Andenæs er ei av dei som ligg i gruppa som no blir vurdert som erstattar.

Spela godt på rekruttlandslaget

Sist helg fekk Susann Iren Hall frå Vipers Kristiansand prøve seg med A-landslaget på turneringa i Danmark, medan June Andenæs spela to kampar for rekruttlandslaget mot A-landslaget til Island.

Det enda med to tap, begge kampane enda 22-23. June Andenæs sette inn tre mål på dei to kampane, og ho får godt skussmål av landslagstrenar Mia Hermansson Høgdahl.

– Eg synest June gjorde to fine kampar, og ho var framfor alt bra bak som trear i eit midtforsvar.

Mia Hermansson Høgdahl

- JUNE ANDENÆS ER AKTUELL: Landslagstrenar Mia Hermansson Høgdahl.

Foto: Johansen, Erik / SCANPIX

14 mål på fire seriekampar

June Andenæs har saman med klubblaget Byåsen hatt ein god start på årets serie, det har blitt fire sigrar på fire kampar, og June har sett inn til saman 14 mål, i ein av kampane var ho toppscorar med åtte mål.

Men landslagstrenaren minner om at ho konkurrerer mot strekspelarar på høgt internasjonalt nivå, og at ho må vise at ho kan prestere godt mot dei beste motstandarane.

– Det blir ein fin målestokk når Byåsen skal møte Larvik på onsdag.

Trenaren: – Andenæs eller Blanco

Då møter June Andenæs ei av dei ho konkurrerer med om plass i EM-troppen, Isabel Blanco.

Trenaren til Byåsen, Valery Putans, seier at etter hans meining er det desse som er mest aktuelle.

– Både June og Isabel Blanco held høgt internasjonalt nivå, begge har stor rutine med internasjonale kampar. Susann Iren Hall er ung og har eit stort potensiale, men til EM-troppen meiner eg dei to andre er mest aktuelle. Men det er ikkje eg som tek ut troppen.

– Kjekt å høyre

June Andenæs sjølv prøver å ikkje bruke altfor mykje energi på å tenkje på at ho no er aktuell for EM-troppen.

– Det er veldig kjekt å høyre at eg er mellom dei som er aktuelle. Dersom eg kjem med så er det nok først og fremst eigenskapene mine i forsvar som vil vege tyngst.

– Ja, du fekk skryt for forsvarsjobben du gjorde mot Island?

– Ja, eg synest det gjekk greitt, eg hadde fokus på å vise at eg kan vere sjef bak.

Og når ho onsdag møter Larvik og Isabel Blanco koplar ho ut tvekampen med Larvik-streken om landslagsplass når kampen er i gang.

– Då blir det fullt fokus på å gjere det vi har avtalt i laget.

Men ho vedgår at dersom ho skulle få plass i eM-troppen så vil det vere ein draum som blir oppfylt.

EM-troppen blir teken ut 6. november.