Mange har nytta seg av julegåva som kunstnaren Helge Segrov gav til sosialklientane i Fjaler. Lars Størseth, dagleg leiar Coop i Fjaler, seier responsen har vore bra, og at det har vore henta mat for 10.000 kroner.
Gåvekort
Det var før jul at Helge Segrov i Fjaler gav 15.000 kroner i gåvekort på Samvirkelaget til trengande i kommunen.
Segrov sjølv er ein mann som livet til tider har fare hardt med, og han veit at jula kan vere ein tung periode for mange. Difor får Segrov ei god kjensle av å gje.
– Jula er ei tung periode for meg. Då held eg meg for meg sjølv og tenkjer på dei som ikkje har det så kjekt, seier kunstnaren.
Levande musikk
I tillegg til gåvekorta på Samvirkelaget ordna Segrov det slik at det vart levande julemusikk på sjukeheimen slik at dei fekk underhaldning og kunne svinge dansefoten.
Dersom han får selt fleire bilete, ser ikkje Segrov vekk ifrå at det blir nye gåver fram mot nyttårsafta:
– Pengar er på mange måtar eit onde, men dei kan ved enkle grep gjerast om til goder for andre.