NRK Meny
Normal

No er juletrea nyfriserte og klare til å skine

Høgt oppe i bakkane på Klakegg i Jølster står tusen juletre klare til å skape julestemning i stovene. Ein del av dei må berre ein liten tur innom frisøren først.

Juletre på Klakegg

FJELLEDELGRAN: Dette er eit populært tre som luktar godt i stova.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Desember er ei fin, men hektisk tid. No håpar eg det ikkje kjem snø, for då blir det meir arbeid å felle juletrea, seier juletrebonde Trygve Bolset.

Bonden på Klakegg starta produksjon av juletre for 15 år sidan, då han tok over morsgarden. Den første tida slo Bolset dei brakke bakkane med slåmaskin, men fann fort ut at landskapet passa betre til planting av juletre. Frå det året bonden plantar eit nytt tre, tek det ein 8–10 før det blir til ferdig juletre.

Nokon må til frisøren

I år skal det rundt to millionar tre inn i norske heimar. Av desse kjem 15 prosent frå Danmark. Mange vil ha eit lokalt tre, og Trygve Bolset merkar at kundane er meir kresne no enn før.

– Før var det slik at folk høgg eit tre og var fornøgde med det. No stiller kundane eit mykje høgare krav. Treet skal sjå heilt perfekt ut.

– Betyr det at trea dine må ein tur til frisøren?-

– Ja, eg må gå over trea og kanskje klippe litt. Eit vanleg juletre kan bli litt for vidt og då må det pyntas på, akkurat som hos frisøren, smiler Klakegg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Juletre på Klakegg

HEKTISK DESEMBER: Trygve Bolset og sambuar Marit Meland skal hogge tusen juletre no i desember. Då er det viktig med ei god kaffipause.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Juletre med og utan lukt

Fjelledelgran, serbergran og nordmann gran står på rekkje og rad. Fjelledelgrana luktar godt og kan fellast allerie no. Den vanlege grana ventar Bolset med litt lenger fram mot jul.

– Nokon vil ha juletre med lukt, andre vil ha luktfrie juletre, fortel Trygve Bolset.

Og sjølv om enkelte namn kan verke litt eksotiske, kan Bolset garantere at treea har vakse opp på Jølster, med frø frå Florø.

– Korleis kan vi hindre at nålene dett av treet før jula omtrent har starta?

– Det beste rådet eg kan gje er å sage av eit par centimeter nede på stammen og passe på at juletreet får vatn og ikkje tørkar ut, fortel Bolset. Ei og anna nål vil nok dette av uansett, men treet vil halde seg lenger fint.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.