NRK Meny
Normal

Her er dagens quiz – 30. desember

Freistar det å trimme dei små grå? Då kan du gjere det i lag med oss. NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag frå julaftan og fram til 1. nyttårsdag.

Julequiz
Foto: Ole Dag Auflem/Viki Johnsen/Naglestad/Dalaker/NRK/Kleiven/Andersdotter Vevle/Stølen/Blaalid Oldeide

Spørsmåla i quizen er ei lett blanding, der storparten av det er knytt til Sogn og Fjordane, kommunane i fylket og personar som har tilknyting til fjella og fjordane våre.

Finn fram penn og papir og du er klar. Noter ned den første bokstaven i svaret ditt, og alle bokstavane blir til dagens løysingsord. Det sender du inn i svarboksen som du finn nedst på denne sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag. Den heldige får ein NRK-sekk med litt godis i posten. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av jula og romjula, plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Her er dagens quiz:

  1. I kva kommune ligg skulen som i år fekk Dronning Sonja sin skulepris?
  2. I haust vart eit nytt idrettsanlegg offisielt opna på Langeland i Gaular. Kva type idrettsanlegg var det?
  3. Høyanger-rådmann Arve Varden byrjar i ny jobb i februar. Kva som?
  4. Kva heiter området der jegerar i vinter skal utrydde heile villreinstammen på grunn av den frykta dyresjukdommen skrantesjuke?
  5. To kommunar slår seg saman til nye Kinn kommune. Kva heiter kommunen som blir liggande i midten?
  6. Innan 2019 skal alle husstandar i Norge ha ein slik montert. Med den i huset skal du kunne spare pengar på straum. Kva heiter denne målaren?
  7. Hanne-Marie Heggdal frå Innvik vart i haust valt til visepresident i denne organisasjonen for tredje gong. Kva heiter organisasjonen som har eit namn som byrjar med Norges?

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!

Vegopning på Bergum i Førde kommune