NRK Meny
Normal

Her er dagens quiz – 29. desember

Freistar det å trimme dei små grå? Då kan du gjere det i lag med oss. NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag frå julaftan og fram til 1. nyttårsdag.

Julequiz
Foto: Ole Dag Auflem/Viki Johnsen/Naglestad/Dalaker/NRK/Kleiven/Andersdotter Vevle/Stølen/Blaalid Oldeide

Spørsmåla i quizen er ei lett blanding, der storparten av det er knytt til Sogn og Fjordane, kommunane i fylket og personar som har tilknyting til fjella og fjordane våre.

Finn fram penn og papir og du er klar. Noter ned den første bokstaven i svaret ditt, og alle bokstavane blir til dagens løysingsord. Det sender du inn i svarboksen som du finn nedst på denne sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag. Den heldige får ein NRK-sekk med litt godis i posten. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av jula og romjula, plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Her er dagens quiz:

  1. Sunnfjord-damene Beate Støfring og Mona Brede Aase tok i haust sølv og bronse under VM i denne styrkesporten. Sporten kjem opphavleg frå Russland. Kva heiter den?
  2. Kva heiter redaktøren i avisa som like før jul feira at det var 100 år sidan avisa først kom ut? Vi vil ha førenamnet.
  3. Han var programleiar då Oselie Henden frå Eid vann MPGjr no i haust. Sjølv vann han konkurransen tilbake i 2002. Kva heiter han? Vi vil ha etternamnet.
  4. Ein rappar frå Sogn har gjort stor suksess under artistnamnet Kjartan Lauritzen. Men kva heiter han eigentleg? Vi vil ha det siste av etternamna hans.
  5. Kva heiter forfattaren som skreiv eit humoristisk dikt om det einaste fengselet i fylket, Vik fengsel? Vi vil ha førenamnet.
  6. I midten av desember tok Anders Fannemel frå Hornindal den første norske, individuelle sigeren i verdscupen på nesten eitt år. Kvar skjedde det?
  7. Kva departement var det som bestemte at den nye storkommunen med Førde, Jølster, Gaular og Naustdal skal heite Sunnfjord?
  8. Han var stum av beundring då han fekk opne det nye idrettsanlegget på Hardbakke i Solund i sommar. Kva heiter han? Vi vil ha det siste etternamnet hans.
  9. Ein nyvald stortingsrepresentant frå SV måtte i haust møte i Sogn og Fjordane tingrett, etter at han i fjor lenka seg fast til Nordic Mining sine maskiner på Engebøfjellet. Kva heiter han til førenamn?
  10. I kva kommune vil fylket no be om å få bytte ut ferje med bru for såkalla ferjeavløysingsmidlar?
  11. Folkemusikaren Sigrid Moldestad gav i haust ut albumet Vere her. Den første singelen på albumet kom allereie i mai, kva heiter den?
  12. Kva lag var det som vann kvaliken og sende Sogndal ned i førstedivisjon i fotball?
  13. Ein mann i slutten av 20-åra frå Nordfjord stod på 5.-plass på Sogn og Fjordane Arbeidarparti si valliste i haust. Kva heiter han? Vi vil ha førenamnet.

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!