Hopp til innhold

Her er dagens quiz – 24. desember

Freistar det å trimme dei små grå? Då kan du gjere det i lag med oss. NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag frå julaftan og fram til 1. nyttårsdag.

Julequiz
Foto: Ole Dag Auflem/Viki Johnsen/Naglestad/Dalaker/NRK/Kleiven/Andersdotter Vevle/Stølen/Blaalid Oldeide

Spørsmåla i quizen er ei lett blanding, der storparten av det er knytt til Sogn og Fjordane, kommunane i fylket og personar som har tilknyting til fjella og fjordane våre.

Finn fram penn og papir og du er klar. Noter ned den første bokstaven i svaret ditt, og alle bokstavane blir til dagens løysingsord. Det sender du inn i svarboksen som du finn nedst på denne sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag. Den heldige får ein NRK-sekk med litt godis i posten. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av jula og romjula, plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Her er dagens quiz:

  1. Vinnaren av årets Stjernekamp, Adam Douglas, har eit nært forhold til Bremanger. Kvar i kommunen spelte han sin første konsert i Norge?
  2. Kva heiter ministeren som fekk skikkeleg kjeft då han i mai i år besøkte Balestrand? Vi vil ha førenamnet.
  3. Fotballspelaren frå Kaupanger fekk leddgikt som 18-åring. Etter å ha skåra 28 mål denne sesongen er han blitt historisk, som den spelaren som har skåra flest mål i ein sesong i 1. divisjon gjennom tidene. Kva heiter spelaren? Vi vil ha det siste etternamnet.
  4. Fleire kommunar i fylket fekk problem då selskapet som stod for bostømminga gjekk konkurs. Kva heiter selskapet?
  5. Askvoll fekk to representantar på Stortinget etter valet i haust. Kor mange år skilnad er det mellom dei to representantane? Skriv svaret med bokstavar.
  6. Over 2000 personar har i år overnatta i den nye turisthytta på Skåla i Loen. Kva heiter arkitekten bak Skålabu? Vi vil ha førenamnet.
  7. Kor mange vidaregåande skular er det i Sogn og Fjordane? Skriv svaret med bokstavar.
  8. Sveinung Rotevatn mista plassen sin på Stortinget etter valet i haust. Frå nyttår har han fått ny jobb i Oslo – som kva?
  9. Kva parti har ordføraren i kommunen som Eid skal slå seg saman med?
  10. Kva heiter jølstringen som er attvald som generalsekretær i Senterpartiet? Vi vil ha førenamnet.

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!