Hopp til innhold

Sjå, kven som passar på gravemaskina til Even i juleferien!

Om du har lurt på kvar julenissen har teke vegen etter ei relativt omfattande gåveutdeling, så finn du han i ei gravemaskin på Raudeberg.

Julenisse i gravemaskin

NISSEN FINN VEGEN: Julenissen har teke styringa bak spakane i gravemaskina til Halsør Maskin AS.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

I vegkanten på Halsør mellom Raudeberg og Måløy sette Even Halsør i Halsør Maskin AS frå seg gravemaskina og tok velfortent juleferie.

Men han tykte det var litt trasig at maskina skulle sitje der åleine heile jula, så han tok like godt og plasserte sjølvaste julenissen i førarsetet.

– Eg tykte jo at det var eit litt artig påfunn, og eg har fått mange gode tilbakemeldingar, fortel Even Halsør og ler då han han blir kontakta av NRK.no.

Det har blitt fleire telefonar frå vener og kjende som har lagt merke til at julenissen har sett seg bak spakane.

– Dette er jo noko ikkje minst ungane her ute har lagt merke til, eg fekk jamvel ein telefon frå eit barn som lurte på om eg visste at nissen hadde flytta inn i gravemaskina, gliser Halsør.