Hopp til innhold

Julelysa skapte så stort engasjement at kommunen måtte sende ut presisering

Coop-butikken i Førde må ikkje ta ned lysa dei har pynta flaggstengene på taket med.

Julelys på Coop Extra i Førde

ENGASJEMENT: Nær 150 har kommentert saka til avisa Firda på Facebook om at Coop måtte fjerne julelysa sine. No får dei stå.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Vi har valt å gå ut med ei presisering etter alt engasjementet som har vore. Det er ok at Coop har pynta flaggstengene med lys til jul, seier Lise Mari Haugen som er konstituert rådmann i Førde kommune.

For debatten har herja i sosiale medium etter at avisa Firda sin artikkel om at Coop måtte ta ned julelysa dei har pynta med på taket. Nær 150 har kommentert på Facebook-delinga til Firda og mange har delt innlegget.

Lys ok – flagg, neitakk

For det som er bakgrunnen for saka er regelverket Førde kommune har om bruk av reklameskilt og flagg. I eit møte i klageutvalet i kommunen vart flaggstengene til Coop diskutert.

– Dei kan ikkje bruka dei til å reklamere for butikkane sine med flagg, men lysa er ok, seier Haugen.

At julelysa blir gler ordførar i Førde, Olve Grotle (H).

– Eg er glad for at det ordna seg. Då eg vart gjort merksam på saka kontakta eg leiinga i kommunen og spurde om vi kunne gå ein runde på det seinare, men det er godt at det har løyst seg no.

Geir Espe er sjef for Coop Vest og syns det er bra at kundane sett pris på at dei pyntar.

– Vår intensjon er å gjera det koseleg for kundane. At folk har engasjert seg og likar at vi pyntar til i mørketida er kjekt, seier han.

Julelys på Coop Extra i Førde

TAK: Flaggstengene med lys er plassert på taket av butikken. Også søylene som heldt taket har blitt lysna opp.

Foto: Thomas Brakstad / NRK