Hopp til innhold

Julehuset kostar 30 kroner døgnet

Dette huset lyser opp i Olden på seine vinterkveldar. Bli med i julehuskonkurransen du også!

Julehus
Foto: Helge K Risøy

- Eg brukte vel tre dagar til og frå på å pynte huset, seier Helge K. Risøy frå Olden.

Bli med i konkurransen
Julehus

30 KRONER: Det kostar å lyse opp huset. 30 kroner døgnet betaler Helge K. Risøy for julehuset sitt.

Foto: Helge K Risøy

Han har sendt inn bilete til den store julehuskonkurransen som NRK har.

Det kan du også gjere ved å føgje denne lenka:

HAR DU DET FINASTE JULEHUSET I NORGE?

Risøy har pynta huset sitt til jul fleire i fleire år. Og no har han festa dei lengste julelenkene slik at dei kan henge året rundt.

- Då slepp eg å henge dei opp att kvart år, forklarer han.

Kostar 30 kroner døgnet

Den siste veka har kulden prega store deler av landet, og straumprisane har vore ein snakkis. Dei tenkjer ikkje Risøy så mykje på.

- Med dagens prisar vert det vel omlag 30 kroner meir å betale i døgnet med lys i julepynten. Men det er ikkje noko eg tenkjer så mykje på.

Han fortel at straumrekninga som dukka opp i januar etter julefesten i fjor ikkje var merkbart høgare enn det han vanlegvis betaler.

Ein reklameplakat

«Pepperkakehuset»

PEPARKAKE: Mange har sendt inn bilete av julehusa sine. Her er eit som liknar på eit peparkakehus.

Foto: HildeGunn Jørgensen

- Når eg ikkje har julepynten på, er det fotoceller som kjem på. Så prisen er vel den samme.

All julepynten har han fått tak i på ein butikk i Olden som kompisen driv.

- Eg er jo nesten som ein reklame for han sidan huset ligg like ved vegen.

Borna i huset som er mellom åtte og 14 år synest det er litt stas med alle lysa rundt huset.

Risøy seier han ikkje har fått nokon negative kommentarar på julehuset sitt frå nabolaget.

- Nei, eigentleg ikkje. Om nokon seier noko så er det sikkert berre fordi dei er misunnelege. Det er faktisk ein del andre som pyntar husa sine i området her.

(Artikkelen held fram under videoen)

- Kunne vore meir pynt

- Er du nøgd med pynten sjølv?

- Eg er nøgd ja, men det kunne vore meir på huset. Men det var veldig kaldt då eg heldt på å henge det opp.

No håpar Risøy sjølvsagt at han vinn den store julehuskonkurransen på NRK.