Hopp til innhold

Julebordsesongen har nådd barnehagane

Slåttebakkane barnehage arrangerte denne veka julebord, for borna.

Pent antrukne gutar på julebordet til barnehagen.
Foto: Ole-Kristian Førde / NRK

Så god mat har vi berre når det er julebord.

Julebordsesongen er godt i gang og store mengder julemat og drikke blir konsumert blant etatar, firma, eller i gode venners lag. Men no er ikkje juleborda lenger berre for vaksne med høg flaskeføring, for denne tradisjonen har for lengst inntatt barnehagane. For barna i Slåttebakkane barnehage i Førde, vart det denne veka arrangert julebord.

Sjølv om dette er første julebord for fleire, har dei god kontroll på kva det går ut på.

– Julebord er ein fest for jula, sa to av borna som var til stades i barnehagen.

Andre var litt meir usikre.

– Eg veit ikkje heilt, dette er det første julebordet eg er på, sa ei jente til NRK.

Planlagt program

Programmet for årets julebord i barnehagen var nøye planlagt. Først var det vising av julefilmen "Snekker Anderssen og julenissen".

Deretter var det for song og dans i trimsalen, før det endeleg var tid for å sette seg til bords, der ein lekker meny venta barna.

I barnehagen var det rigga opp langbord, det var dekorert med vakker julepynt, og sett fram ein buffé der ungane sjølv kunne forsyne seg av julepølser, kjøttkaker, potetstappe og tyttebærsyltetøy. Til dessert var det gelé med vaniljesaus.

Julebord i barnehagen
Foto: Ole-Kristian Førde / NRK
Denne veka arrangerte barehagen i Førde eit julebord for borna.

Pynta seg

Når ein skal på julebord er det vanleg å pynte seg litt ekstra. Det var det tydeleg at borna hadde fått med seg. Gutane stilte i flotte dressar, medan jentene hadde på seg julekjolar.

– Eg har sløyfe, ei fin jakke og dressbukse på meg i dag, sa ein gut i barnehagen medan han stolt viste fram antrekket til NRK.

– Blomster, diamant og kjole. Og "strømpis", fortalde ei av jentene då ho vart spurt om dagens antrekk.

Stor stas

Pedagogisk leiar i Slåttebakkane barnehage, Janne Alette Fugle, meiner julebordet er stas for både borna og dei vaksne i barnehagen.

– Dei vaksne heime snakkar jo gjerne om at dei skal på julebord, dei pyntar seg, så kvifor skal ikkje borna få lov, spør den blide pedagogiske leiaren.

– Vi har dei siste åra arrangert julebord for barnehageborna, der dei får kle seg opp, pynte seg, og der dei får gå på sitt eige julebord. Det er litt stas, seier Fugle.