NRK Meny
Normal

Jul i Movika – 20. desember

I dag handlar det om fisk. Sjå videoen og bli med på konkurransen.

Jul i Movika - 20. desember. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

LUKE 20: Kokk Steinar Lindstrøm og programleiar Gro Ravnestad byr på mange lærerike og spennande oppgåver i førjulstida. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland.

Bli med kokk Steinar Lindstrøm og programleiar Gro Ravnestad til Huus-stova ved Sunnfjord Museum i Movika. Her blir det ekte førjulsstemning og det skal handle om julemat og juletradisjonar.

Kveita har også eit anna namn med eit litt religiøst preg over seg. Veit du svaret?

Få tips og råd

Med seg har dei råvarer som skal bli til tradisjonell julemat. Det blir gode mattips og historier rundt julematen og juletradisjonane. Det er også det spørsmåla våre skal handle om.

Kvar dag i desember fram til julaftan gjev Steinar og Gro deg ei ny oppgåve du kan bryne deg på. Øvst på sida finn du video med dagens oppgåve.

Fine premiar

Kvar dag blir det trekt ein vinnar som får eit NRK-krus med julesnop. Hovudpremien trekkjer vi mellom alle som har svart i løpet av adventstida.

Premien er eit besøk av sjølvaste Lindstrøm og Ravnestad som kjem heim til den heldige og lagar eit betre måltid!

Veit du svaret? Send inn:

Du kan også sende inn svaret til konkurranse.sfj@nrk.no.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.