Hopp til innhold

Jublar over ti nye arbeidsplassar til Leikanger

LEIKANGER (NRK): Dei tilsette i Difi på Leikanger kunne juble over ti nye kollegaer i dag.

Dei tilsette i Difi gler seg over nye arbeidsplassar.

GLEDE: Dei tilsette i Difi gler seg over at det kjem fleire tilsette til jobben og nye arbeidsoppgåver.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er viktig for dei tilsette å få ei slik positiv tilbakemelding på jobben dei gjer. No kan vi forsterke løysingane og satsingane våre innan offentleg sektor, seier avdelingsdirektør Torgeir Strypet i Difi.

Ei rekkje politikarar møtte opp i kantina på Leikanger i dag. Med seg hadde dei gladmeldinga om at det var Leikanger som i kampen mot to andre plassar trekte det lengste strået, og fekk tildelt ti nye arbeidsplassar.

– Her er eit sterkt kompetansemiljø frå før, og dei er med på å digitalisere og modernisere landet. Vi vil styrkje og bygge vidare på det, seier statssekretær i Kommunal- og fornyingsdepartementet, Kristin Holm Jensen (H).

Leikanger får ti nye arbeidsplassar.

RAD OG REKKJE: Gratulasjonane og lovorda om miljøet i Difi på Leikanger hagla frå stortings- og lokalpolitikarane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Kjem fleire gode nyhende

Noko av bakgrunnen for at dei nye arbeidsplassane blir lagt til Leikanger er at regjeringa ynskjer å legge fleire statlege arbeidsplassar ut av Oslo. Dei nye arbeidsplassane skal i hovudsak føre tilsyn med universell utforming av IKT-løysingar, arbeide med å styrke nettportalar og IKT-funksjonar og drive utvikling og forvalting av digital postkasse, ID-porten og reservasjonsregisteret.

– Dette er betre enn det som var snakk om for nokre veker sidan. Då var det snakk om andre arbeidsplassar. Dei ti som konkret kjem no er tilpassa miljøet her, seier stortingsrepresentant frå Høgre, Bjørn Lødemel.

Han meiner avgjerda om å legge desse arbeidsplassane til Leikanger passar som hand i hanske med regjeringa og støttepartia sin plan om utflytting og etablering av statlege arbeidsplassar i distrikta. Stortingsrepresentant frå Venstre, Sveinung Rotevatn, går langt i å love at det kjem fleire utflyttingar.

Kristin Holm Jensen kom med gledesbodskapen til Leikanger i dag.

FAGMILJØ: Statssekretær Kristin Holm Jensen (H) meiner det digitale miljøet på Leikanger er særs viktig.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– No kjem det nyhende på løpande band. Det er snakk om reelle utflyttingar, og det tek litt tid, seier Rotevatn.

Forventar fleire arbeidsplassar

Ordførar i Leikanger, Jon Håkon Odd (Ap), gler seg over dagens nyhende.

– Her har vi eit internasjonalt leiande fagmiljø, og det kjem som følgje av ei langsiktig satsing. Det syner at ein lett kan lukkast sjølv om arbeidsplassane ikkje er i dei store byane, seier han.

No ventar Odd i spenning på om også Fylkesmannen får fleire arbeidsplassar. Ei avgjerd som er venta å kome denne veka.

– Vi forventar at regjeringa følgjer opp dei fine orda dei kjem med i dag og syner at dei vil satse på Sogn som administrasjonsstad.