Hopp til innhold

Jublar over storkamp i cupen

Stryn er sett opp med heimekamp mot Aalesund i første runde av NM i fotball.

Stryn

FULLT: Det kan bli fullt på tribunene på Stryn stadion når Aalesund kjem på besøk i cupen. Biletet er henta frå kampen der damelaget i 2. divisjon sette publikumsrekord i norsk seriefotball for kvinner.

Foto: Stig Høynes

Det kan fort bli fulle tribuner når første runde i cupen blir spelt på Stryn stadion 22. april.

Då tek nordfjordingane imot storebror Aalesund frå eliteserien på heimebane.

Trenar Johann Sigurdsson er godt nøgd med motstandaren.

– Dette er stor stas. Vi hadde det som delmål før sesongen at dette var noko vi ville oppleve. Det er ekstra stas å få slikt besøk, seier Sigurdsson.

Stryningane har tidlegare sendt både Molde og Sogndal hovudstups ut av cupen.

– Men vi har ikkje vore i 1. runde i cupen sidan 2007, trur eg, seier Sigurdsson.

Cup er cup

Han er klar på at laget har eit par andre utfordringar framfor seg som krev konsentrasjon dei neste vekene. Først når déi er unnagjort, kan laget konsentrere seg om Aalesund.

– I morgon møter vi Bergsøy og så spelar vi borte mot Årdal. Vi må prestere i dei kampane før vi kan fokusere på cup-kampen, seier Sigurdsson.

Men han er klar på at Aalesund ikkje skal få noko gratis.

– Kampen skal spelast, så ingenting er avgjort før dommaren bles. Men først og fremst vert dette ei oppleving for spelarane, seier Sigurdsson, som håpar folk fyller tribunane 22. april.

– Eg håpar på skikkeleg mobilisering, seier Sigurdsson.

Hos spelarane står allereie jubelen i taket på Twitter:

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold