Hopp til innhold

I heile fylket jubla dei over snøfrie baner

Den til no snøfattige vinteren har skapt optimisme i heile fylket før fotballsesongen. Førdetrenar Knut Erik Folland seier dei knapt har hatt ei betre sesongoppkøyring nokosinne.

Førdetrenar Knut Erik Folland

OPTIMAL OPPKØYRING: Førdetrenar Knut Erik Folland trur laget vil bli betre enn i fjor, mykje takka vere ein snøfri vinter.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Vi har hatt grøne og fine baner og ikkje avlyst ei einaste treningsøkt på grunn av snø og slaps. Vi har fått trent meir på det vi skal og er betre budde enn nokon gong, seier Folland.

Vi er betre budde enn nokon gong.

Førdetrenar Knut Erik Folland

Lovar godt for neste sesong

Det er ikkje berre i Sunnfjord at fotballfolket frydar seg. Robert Endestad er leiar i Sogn og Fjordane fotballkrets. Han seier fotballvinteren har vore god jamt over i heile fylket.

– Det har aldri vore så lite snø nokosinne så lenge eg har vore med i fotballen. Signala eg har fått er at det er gode treningstilhøve ifrå Selje til Årdal. Det lovar godt, seier kretsleiaren.

Fotballsesongen vert sparka i gong om knappe to månader. Då kjem den første verkelege testen på om dei gode førebuingane vil gje resultat.

Trente shorts ute i februar

I SHORTS: Kristoffer Haaland Iversen og Bernt Norevik var to av førdespelarane som stilte i shorts på trening denne veka.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Har hatt ei optimal oppkøyring

I flaumlyset på Hafstad idrettspark jaktar førdespelarane godforma. Førdekaptein Vegar Gjermundstad gjev klår melding til lagkameratane om kva han forventar.

I fjor vart det tredjeplass etter opprykk til ei tøff avdeling. Avstanden opp til første og direkte opprykk var på berre ti poeng.

Den snøfattige vinteren har gjort oppkøyringa til komande sesong optimal. Difor trur trenar Knut Erik Folland dei blir enno betre i år.

– Vi har ikkje vore nær dei tilhøva vi har no dei sju åra eg har vore trenar i Førde. Så føresetnaden for å ha framgang frå i fjor er store, seier han.

Var i tenkjeboksen

Årets første treningskamp enda med siger 2–1 mot eliteserielaget Sogndal. Eit resultat som stadfestar optimismen i førdeleiren.

Fråværet av snø har også gjort kvardagen lettare for spelarane. Dei siste åra har laget reist heilt til Eikefjord for å trene og ei treningsøkt tok gjerne fire timar.

Midtstoppar Øystein Vetti vurderte å slutte med fotballen i fjor. Lange reiser til trening var vanskeleg å kombinere med familie og jobb.

– Hadde vi ikkje hatt treningstilhøve her i vinter, så hadde eg nok vore i tenkeboksen enno, seier han.