NRK Meny
Normal

Jublar over nybygg

- Heilt fantastisk, seier rektor etter at det blir byggjestart for sentralbygget ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Åse Løkeland
Foto: Arve Uglum / NRK

Ved årsskiftet kan Høgskulen i Sogn og Fjordane starte bygging av det nye sentralbygget på Fosshaugane.

I krisepakken som regjeringa legg fram i dag får høgskulen 15 millionar kroner.

Spaden i jorda

- Det betyr at vi kan gå i gang for fullt med å realisere prosjektet. Det er heilt fantastisk, seier rektor ved høgskulen Åse Løkeland.

Sentralbygget skal liggje mellom Fosshaugane Campus og Fossbygget.

- Sentralbygget er det viktigaste bygget i heile høgskulen. Det vil vere eit knutepunkt for for dei ulike bygga, og vi får nye undervisningsrom, kontor, læresenter, sørvistorg og studentkantine, seier Løkeland, som meiner bygget gjer høgskulen i Sogndal til ein meir attraktiv studiestad.

Ferdig i 2011

Løkeland reknar med å kunne setje spaden i jorda rundt årsskiftet, og håpar at bygget vil stå klart i byrjinga av 2011.

Sentralbygget er kostnadsrekna til rundt 300 millionar kroner.

- Vi legg til grunn at når vi har byrja å bruke pengar på bygget, så vil resten av pengane komme, seier Løkeland som seier det no blir feiring på kort varsel.

Feiringskake for sentralbygg til Høgskulen i Sogn og Fjordane

Pengeløyvinga vart feira med kake på høgskulen

Foto: Arve Uglum / NRK

Sterkare høgskule

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete meiner løyvinga til nybygget i Sogndal er den største gåvepakken til Sogn og Fjordane.

- Vi får ein sterkare høgskule i Sogn og Fjordane, som vil vere viktig for ungdom i heile landet. Det er konkurranse om studentane, og då er det viktig å ha ein moderne og tidsriktig høgskule som kan tiltrekkje seg det beste av lærarkrefter og studentar, seier Navarsete.

Vegopning på Bergum i Førde kommune