NRK Meny
Normal

Jublar over at NRK snur om distriktssendingane

NRK snur og utvidar den første distriktssendinga på TV med fem minutt kvar kveld. Fleire politikarar har engasjert seg og fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, er strålande nøgd med avgjerda.

Jenny Følling

NØGD: Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp), har vore kritisk til omlegginga av distriktsnyheitene på TV. No er ho glad over at NRK snur og utvidar ei av sendingane med fem minutt.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

  • Sjå dei nye sendetidene nedst i artikkelen.

– Eg er veldig glad for at NRK har lytta til tilbakemeldingane og no utvidar sendinga. Det er ein god start dette her og så får vi sjå korleis desse sendingane blir, men eg vil jobbe vidare mot at vi skal ha ei fyldig og god distriktssending. Men eg er veldig glad for avgjerda, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp).

Frå 2. januar i år vart distriktsnyheiter på 14 minutt frå 18.45-18.59 og fem minutt frå 20.55-21.00, erstatta med tre sendingar på fire minutt klokka 18.55 og fem minutt klokka 20.55 og 22.55.

Frå førstkommande måndag vert sendinga før Dagsrevyen utvida med fem minutt til å vara frå 18.50-18.59. Dei to sendingane seinare på kvelden vil bestå.

Under fylkesutvalet i Sogn og Fjordane i går mana politikarane til eit opprop frå alle fylkespolitikarane i landet, mot NRK si omlegging. Fleire tusen sjåarar har engasjert seg gjennom sosiale medium, telefon og klagebrev til NRK.

– Reaksjonane og tilbakemeldingane frå publikum gjorde inntrykk på oss og vi såg at det var naudsynt å sjå om vi kunne gå dei i møte. Eg håper difor at utvidinga av sendinga vert tatt positivt imot og det skal bli kjekt å tilby meir levande bilde frå Vestlandet, seier distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Terje Gilleshammer.

Vegopning på Bergum i Førde kommune