Hopp til innhold

Vakna og ville ta med hakke og spade ut

Ordførar Sven Flo (H) var over seg av glede etter vedtaket om ny trasé opp Strynefjellet. No er han ivrig etter å komme i gang.

Sven Flo

GLAD OG IVRIG: Eg heldt på å ta med hakke og spade på morgonkvisten i dag. Tenkte eg skulle ta første spadetaket, ler Sven Flo etter vedtaket om trasé på Riksveg 15 opp Strynefjellet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– På ein skala frå éin til ti? Elleve! Dette er heilt fantastisk. Eg heldt på å ta med meg hakke og spade for å starte på jobben på morgonkvisten i dag, ler Sven Flo.

Stryn-ordføraren var med då samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) søndag vitja området og sleppte nyhenda om vegval for framtidig veg opp Strynefjellet:

Regjeringa vil byggje ny tunnel på om lag 16,6 kilometer frå Skåre til Breidalen. I tillegg vil dei leggje til rette for å byggje arm til Geiranger.

– Det er heilt fantastisk. Prosessen har vore utruleg lang. Vi har jobba mykje med dette og hatt tallause rundar til Oslo med alt som kan krype og gå av interesseorganisasjonar, seier Flo.

Meiner vedtaket er optimalt for regionen

Vedtaket betyr at Riksveg 15 over Strynefjellet har komme i posisjon til å komme inn på Nasjonal Transportplan (NTP).

– No er avgjerda teke om kva vegløysing vi skal ha. Statens vegvesen får i oppdrag å arbeide vidare med planane. I mellomtida må politikarane, både lokalt og på Stortinget, stå for naudsynte pengeløyvingar. Prioriteringane i NTP avgjer når vegen faktisk vert bygd, seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen til Fjordingen.

Ketil Solvik-Olsen

TOK AVGJERDA: Regjeringa har bestemt løysinga for Riksveg 15. No startar Statens vegvesen å jobbe vidare med planane, seier Ketil Solvik-Olsen.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Han meiner det såkalla B1-alternativet gir raskare reisetid, tryggare veg og ei god løysing for næringslivet i området. Det er ordføraren i Stryn samd i.

– Det er dette alternativet vi har sett for oss som det beste. Det blir ikkje så bratt, vegen går ikkje ute i dagen og det blir fleire felt i tunnelen. Det gir ein sikrare tunnel og tek bort ein del av skredproblema. Dessutan gir arm til Geiranger moglegheiter for turistnæringane. Dette er optimalt, seier Flo.

Trur på posisjon allereie i neste NTP

Neste revisjon av Nasjonal Transportplan skal opp i Stortinget i 2021. Flo håpar på byggjestart innan 2022.

– Det vil ta tid. Først må vi no komme inn i NTP, og vi må jobbe med Stortinget for å få pengar. Så no skal det skje mykje politisk framover. Men eg er optimist og trur vi kan komme i posisjon allereie i neste NTP-periode, seier ordføraren.