NRK Meny
Normal

Jublar for raudgrønt fleirtal i skulevala

Arbeidarpartiet er største partiet med Senterpartiet hakk i hæl i skulevala i Sogn og Fjordane.

Henrik Thorsnes Lefdal

– KJEMPENØGD: Fylkesleiar Henrik Thorsnes Lefdal i Sogn og Fjordane AUF.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Val

Arbeidarpartiet fekk 26,6 prosent av røystene, ein framgang på 1,7 prosentpoeng frå 2013. Senterpartiet fekk 20,0 (+ 6,7), Høgre 10,4 (- 10,7). MDG 9,0 (+ 6,6), SV 8,1 (+ 3,6), Frp 8,0 (+ 0,6), Venstre 6,9 (- 4,0), KrF 4,7 (- 0,7), Raudt 2,8 (- 0,7).

(I desse tala manglar resultatet frå Dale vidaregåande skule, Årdal vidaregåande skule og Sogndal vidaregåande skule, så når dei kjem med vil det bli justeringar i fordelinga).

Fylkesleiar Henrik Thorsnes Lefdal i AUF i Sogn og Fjordane seier resultatet syner at ungdommen i Sogn og Fjordane vil ha regjeringsskifte.

– Eg er kjempenøgd. Det er tydeleg at ungdommane i Sogn og Fjordane har lyst på ei ny Arbeidarparti-leia regjering med Jonas Gahr Støre som statsminister i staden for dagens regjering som aukar skilnadene og som flytter grenser for korleis ein snakkar om andre.

– Ikkje overraska

Han er også oppglødd over at Ap på landsbasis gjorde sitt beste skuleval føre eit stortingsval nokon gong, sjølv om det er lågare enn før kommune- og fylkestingsvalet i 2015.

Thorsnes Lefdal trur og at Ap har profittert på saker som at helsesøster skal vere på skulen kvar dag, fleire lærarar som ser kvar einskild elev og utsikter til fast og trygg jobb.

Han er ikkje overraska over at det vart så klart raud-grøn dominans.

– Nei, ikkje her i Sogn og Fjordane, for vi har sett på målingane at det har vore raud-grønt fleirtal lenge, og det er utruleg kjekt at vi blir det største partiet i skulevalkampen.

– Tydeleg raudgrøn framgang

Alexander Øren Heen

– TYDELEG SIGNAL: Aleksander Øren Heen, Senterpartiet.

Foto: Truls Sylvarnes

Aleksander Øren Heen, som er fjerdekandidat på stortingsvallista til Senterpartiet, er også glad for utfallet av skulevalet.

– Det er ein tydeleg raudgrøn framgang. Eg er veldig glad fordi det er eit tydeleg signal. Eg trur mange unge ser det same som dei eldre, at regjeringa ikkje fører ein politikk for dette fylket, og at dei ynskjer eit skifte.

Eit lite skår i gleda for Øren Heen er at Senterpartiet denne gongen tapte for Arbeidarpartiet på Årdal vidaregåande skule i heimkommunen hans.

– Det var litt surt, vi gjorde eit godt val med over 20 prosent, men Arbeidarpartiet vart litt større. Dei har fått opp eit AUF-lag blant elevane, og det kan ha gjort sitt.

Også MDG har grunn til å juble over resultatet i skulevalet. Partiet har nesten firedobla oppslutnaden blant dei unge frå 2013. Då fekk partiet 2,4 prosent, no får dei ni prosent.

Høgre meir enn halvert

Asbjørn Øyra Sæterskar

– TAPER PÅ FRÅVÆRSGRENSE: Fylkesleiar Asbjørn Øyra Sæterskar i Sogn og Fjordane Unge Høgre.

Foto: Høgre

Høgre fekk hard medfart ved skulevalet, samanlikna med 2013. Med 10,4 prosent av røystene vart oppslutnaden meir enn halvert. Fylkesleiar Asbjørn Øyra Sæterskar i Unge Høgre har denne forklaringa:

– Vi har aldri gått fram på eit skuleval medan vi har vore i regjering. Det eg trur har vore mest vanskeleg for oss er saka om fråværsgrensa i den vidaregåande skulane. Vi har svart godt på debattane, men det er litt hardt for elevane å svelgje fråværsgrensa.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.