Hopp til innhold

– Blir den største konkurransen i livet mitt

Vektløftaren Marit Årdalsbakke er teken ut til EM U23 i vektløfting. Jølstrajenta håpar på å sette personleg rekord.

Marit Årdalsbakke

PÅ VEG MOT MÅLET: Marit Årdalsbakke har berre eit mål - EM i vektløfting i Førde neste år i april (arkivbilete).

Foto: Privat

– Eg hadde fått nyss om at eg kanskje kunne få ein plass, men eg vart overraska, seier Marit Årdalsbakke frå Jølster som no er busett i Oslo.

I vår vart Årdalsbakke ferdig utdanna fysioterapeut, men bestemte seg for å legge jobb og vidare utdanning på vent for å satse på idretten.

Sjølv om meisterskapen ikkje er eit hovudmål for Årdalsbakke, er uttaket viktig.

– Det vise at det ein trenar og jobbar for gir resultat er godt. Så er det er eit steg mot hovudmålet som er EM neste år i Førde. Medaljesjansar har eg nok ikkje, men det blir min største konkurranse nokon gong.

Stinn av trening etter landslagssamling

Ungdoms-EM i vektløfting går føre seg I Klapeida i Litauen 3 – 10. oktober.

– Berre det å takle eit meisterskap som går over ei heil veke er nyttig. Stemne eg har vore med på tidlegare har berre gått over ei helg, så dette blir i mykje større skala. Eg vil sjølvsagt sjå korleis eg presterer under slike forhold. Ein må øve på slikt og.

Årdalsbakke har mykje trening innanbords etter ei veke på landslagssamling.

– Eg føler meg i god form, og har framleis fire veker att til å bli enno betre. Så det er kjekt om eg klarer å vise at eg presterer under press.

Vil bli betre kvar dag

– Målet under meisterskapen er å sette personleg rekord. Eg har ikkje noko kilomål. Det er berre å sjå framgang og at eg blir betre for kvar meisterskap og kvar trening. Hovudmålet er å bli teken ut til EM i Førde.

Årdalsbakke blir motivert av framgang, så det håpar ho å kjenne i den kommande konkurransen.

– Målet er å få betre resultat enn tidlegare. Kanskje mest i støt der det har stått litt stille i det siste.

Ho trenar meir enn nokon gong, og skal tilbake til Oslo for å fortsette treninga med doble økter, tre gongar i veka.

– Det viktigaste er å vere skadefri, bli godt restituert og lytte til kroppen.