Hopp til innhold

Jublar for ein halv milliard til farleg strekning på E39 i Gaular

Flaskehalsen på E39 mellom Myrmel og Lunde i Gaular skal vekk. Ein halv milliard kroner har regjeringa sett av til utbetring i Nasjonal transportplan (NTP).

Ein stolt ordførar i Gaular etter at folket på Sande har fått E39 utanom sentrum.

ORDFØRAR: Mathias Råheim (H) fekk opne ny E39 som gjekk utanfor Sande-sentrum i fjor sommar. No får han meir E39-pengar på Nasjonal Transportplan, denne gongen til strekninga mellom Myrmel og Lunde.

Foto: åsta Urdal

– Det var på høg tid og veldig bra. Det er ein flaskehals som er veldig farleg for mjuke trafikantar, seier ordførar i Gaular, Mathias Råheim (H).

Den nær fire kilometer lange strekninga Myrmel-Lunde på E39 mellom Førde og Sande er svært smal. Europavegen går tett innpå fleire tun og bustadhus. Den gamle vegen skal erstattast av ein ny, ein kilometer lang tunnel bak busetnaden.

I forslaget til Nasjonal transportplan har regjeringa sett av 280 millionar kroner i den første perioden (2018-2023) og 220 millionar kroner i perioden 2024-2029), skriv Firda.

Fleire samanstøyt

Ordføraren fortel at han hadde vorte skuffa om det ikkje vart sett av pengar i NTP. Det har vore mange små ulukker og farlege situasjonar på strekninga, fortel Råheim.

– Det er jo ein smal flaskehals for trafikken, spesielt om vinteren. Når bilane passerer kvarandre er dei ofte heilt ute på kvitestripa, og der går det ofte folk.

Det har vore svært nære at det har gått gale.

– Det har vore så nære at ei jente fekk smadra pc-en sin som ho bar ved sida av seg av ein bil, fortel ordføraren.

Trafikkert E39 i Gaular

GAULAR: Sommaren 2016 opna strekninga på E39 som tok hovudvegen ut av Sande-sentrum. Det er viktig at også strekka som oppleves som ein flaskehals i trafikken mellom Myrmel og Lunde også blir utbetra no, seier ordførar Mathias Råheim.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Vil ha heile prosjektet inn i første del

Frida Melvær toppar Høgre si stortingsliste. Ho fortel at dei er fleire som vil jobbe for å få heile prosjektet inn i første delen av NTP.

– Det er eit relativt lite prosjekt som vi meiner bør løysast innan første periode i NTP. Vi ser at står litt igjen på planlegginga, og det er difor den har fått ei ekstra løyving på andre del. Men vi vil jobbe hardt for at heile strekka skal løysast i første planperiode, seier Melvær.

Nasjonal transportplan skal leggast fram ein gong før påske. Om det vil drype meir NTP-pengar på E39, vil ikkje Melvær seie noko om enda.

– Eg forstår at mange ventar på NTP no, og sine respektive prosjekt. Men inntil planen blir lagt fram i sin heilskap før påske kan vi ikkje formidle noko. Vi veit heller ikkje kva som ligg der enda, seier Melvær.

.

Smilande Frida Melvær

HØGRE-POLITIKAR: Frida Melvær er ordførar i Askvoll og nummer ein på høgre si stortingsliste. Ho seier det er veldig viktig at strekninga på E39 no får pengar til utbetring på NTP.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK